Hestenesøyra - Eikenesstøylen (340 moh) - Eikeneshesten (1093 moh) i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.478 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1064
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen på Eikeneshesten er ein flott tur med fantastisk utsikt mot fleire bygder, fjordar, fjell. Ein kan velje om ein vil gå på skogsvegen, eller i stien opp på støylen. På stien er der mange skilt som viser dei lokale namna. Etter at Dagmar herja er det nokre plassar ein ikkje kan gå på stien lenger, då kan ein gå på skogsvegen i staden. Turen vidare mot hesten går inn til eit oppdemt vatn, der kan ein evt. ta seg ein dukkert. Derifrå går ein på høgre sida av vatnet og finn att stien. Ein fin pauseplass er på Spøtanakken, der har vi utsikt ned på Hestenesøyra, Hyefjorden, vi ser på Hyeneshesten, Gåsa og Skjerdalen. Turen har bratte parti, med lett klyving. Vi har fått tilbakemelding på at dette ikkje er ein super tur for dei høgderedde. Ruta er skilta og merka. Då Midtre Nordfjord Turlag arrangerte tur i 2013 var den yngste 4 år, den eldste over 80 år!

Adkomst

Turen startar frå rv 615 på Eikenes, på Hestenesøyra. Det går skulebussar og rutebuss fra Sandane til Hyen/Florø.

Det er ikkje parkeringsavgift. Om det er mange bilar kan ein parkere nede på Øyra (skilta), eller ved skulehuset.