Ljøsuregga i Stad kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.06 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 717
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Denne turen egnar seg og svært godt om våren, på ski eller randonné.

Frå parkeringa på Furuhogane (ev. kan ein gå stien heile vegen frå vegen mot Brekka) følgjer ein merka sti opp forbi Kjenndalsvatnet og opp i skaret, der det er eit stidele. Følg stien vidare opp ryggen (ura) opp til Ljøsureggja. Ein kan velje å gå vidare over ein litt luftig passasje til Storetoren. Det luftige partiet er ikkje langt, men ein må trå varsomt, og det er ein fordel om det ikkje er vått.

Då kan ein ev. ta skiheisen opp til kanten av Kjenndalen og fortsetje i skiløypa forbi Kjenndalshytta og opp same vegen som på vinterstid. Ein kan og velje å ta ei anna rute opp/ned frå Furuhogane, langs Ljøsurelva opp i Ljøsurdalen. Derifrå tek ein mot aust og deretter mot nord opp bakkane og dreier mot vest bort til toppen/varden.