Holmøyskaret - på grensa mellom Stad og Stryn kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.888 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 399
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Holmøyskaret ligg på grensa mellom kommunane Eid og Stryn, og er ein vanleg tur, både på ski, på truger og til fots. Ei vanleg rute (når vegen er berr) er å gå frå parkeringa nedanfor Randastøylen og følgje stien opp forbi sætra opp på flata. Ein kan følgje sti heile vegen, den kryssar elva oppe på flata, og held fram innover dalen og opp i Holmøyskaret (870 moh). Ein kan gå vidare ned til Holmøyane eller opp på ein av toppane ved sidan av: Holmøyskaregga eller Glittereggja.

Adkomst

Dersom bomvegen er open, kan ein parkere ved Randastøylen. Køyr Panoramavegen mellom Eid og Stryn, ta av på Rand, der det står skilt merka Aktivitetssenter. Etter omlag 50 meter tek ein av til høgre, på bomveg, mot Randastøylen.