Skardhornet i Volda kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.552 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 705
Sesong: Juni - September
Område: Sunnmøre

Beskrivelse

Frå toppen har ein fin utsikt til m.a. Matøskja og Eidskyrkja (Kyrkjefjellet). Ein køyrer Høydalen og vidare til enden av bomvegen i Langedalen (Volda kommune), og går stien opp til demninga. Deretter følgjer ein ryggen til høgre opp til toppen (1043 moh). Det er ingen sti opp ryggen, og noko tungt å gå i lyng. 

Om ein vil ha med andre toppar i området, kan ein ta den korte avstikkaren oppom Humpen, på venstre sida av demninga. Dette er faktisk ein hump, men den har ein primærfaktor på 105. Ein fin rundtur er å ta seg til høgre ned frå toppen av Skardhornet, ned i Fairdalen. Når ein kjem til mastene, går det sti ned att til vegen.