Bjørneskarnakken i Stad kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.412 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 295
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Heilårstur med utsyn langs fjorden og mot Gjegnen. Ein byrjar turen på Hanshjellen. Du går opp skogsvegen, som ligg på høgre sida når du kjem frå Eid. Følg skogsvegen oppover, til den går over i sti. Stien går lags ryggen oppover i ope terreng, langs mastene. Etter kvart vil du få flott utsikt, både mot Skjerdingane, Gjegnen og heilt inn til Lodalskåpa. Stien er til tider myrete.

Om du vil ha ein litt lenger tur, kan du gå vidare til Hornet. Turen er mykje nytta som trugetur, i tillegg til ski.

Adkomst

Følg Fylkesvegen mot Torheim. Ta av mot Hunvik. Køyr oppover. Når du kjem opp på flata, der ein kan gå til Veten (Hanshjellen), parkerer du på den store parkeringsplassen, som ligg eit par hundre meter lenger framme. Følg vegen tilbake, så ser du skogsvegen på venstre hand, ved masta.