Gapahuken på Klakegg

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.904 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 451
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen Fjordane

Beskrivelse

Det er ein flott sti som snor seg opp over lia frå Klakegg. På toppen finn du flott utsikt mot Stardalen og Skei, samt ein ganske nybygd gapahuk.

Turen startar ved E39, og går oppover i beitelandskap og noko skog før du kjem opp i eit parti med mykje berg og knausar. Heile vegen opp har du god utsikt mot Skei, og etterkvart ser du også Jølstravatnet. Stien går fint oppover i noko bratt terreng. Ein del parti på stien er svaberg. Desse er lette og fine å gå på når sola skin og det er varme sommardagar. Men dersom dei vert våte kan dei nok bli glatte og sleipe på veg ned att.

Du brukar omlag 45-60 minuttar opp. Turen vart godt merka med raude merke som fjelltrim i 2019, og er relativt mykje brukt av lokale vandrarar. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 på Klakegg. Parker i krysset der du tek av frå E39 mot Stardalen (Fv453). Stor og fin parkering å setje bilen på. Du må krysse E39 for å starte turen. Bilane kjem i 80-km i timen i noko uoversiktleg område. Sjå deg ekstra godt for før du kryssar vegen etter å ha parkert bilen.