Tur til toppen av Sætrafjellet frå Dommersnes, Vikebygd.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.583 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 514
Sesong: April - November
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Turen startar ved ei grind tett inntil fylkesvegen, her står det eit skilt som peikar leia. Løypa følgjer ein sti i starten før den går over til ein nokså fuktig traktorveg/sti.
Etter om lag 400 m i fuktig og flatt terreng, går ein inn i Stokkabrekka, derifrå stig det nokså bratt til ein er oppe ved Store Kolthaug, og vidare aust for Risdalsnuten. Der oppe, ovanfor tregrensa er det eit flott område. Her flatar stien litt ut, før ein går inn den siste kleiva mot toppen av Sætrafjellet.

Adkomst

Parker ved parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja. Sjølve turen startar på sørsida av Vikevegen 1032.

Linker