Fardalen - Åsete- Åsetvatnet - Gravdalen - Hjelle

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.092 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 747
Sesong: Juni - Oktober
Område: Jotunheimen Utladalen landskapsvernområde

Beskrivelse

Sart ved Skihytta i Fardalen der Tindevegen kryssar Åsetelvi .

Turen startar på god sti i svingar oppetter lia 330 høgdemeter opp til stølen Åsete (ca 930 moh). Ved stølen kryssar ein Åsetelvi på bru og held fram på dårlgare sti oppover langs elva. Etter ca 100 meter tek stien av til høgre opp langs elva som kjem frå Skjerpedalen. Stien kryssar etter kvart elva og held fram på venstre sida av elva, over sletta og opp til Åsetvatnet. Stien er ikkje merka og kan vere noko utydleg somme stader.  

På høgda før Åsetvatnet kjem du inn i Utladalen Landskapsvernområde.

Frå Åsetvatnet (ca 1160moh) slepp du deg ned i Gravdalen. Her er det ikkje sti eller merking! Du kan enten følge utløpet frå Åsetvatnet ned til Gravdøla som må vassast og vidare på utydeleg sti heimover langs elva til stølen Gravdalen. Ved stor vassføring er det krevjande å krysse elva, så eit betre alternativ er vanlegvis å sleppe se på skrå ned mot mot stølen i Gravdalen, der Gravdøla kan kryssast på bru. Brua vert lagt ut i juni når vårløysinga er over og vert teken innatt om hausten før snøen kjem. Sjekk med Årdal Turlag dersom du er usikker på om brua er lagt ut.

I Gravdalen har Årdal Turlag 3 ubetjente hytter (sel) med fire sengeplassar i kvart. Hyttene kan bestillast via visitardal.no. 

Frå Gravdalen (ca 850moh) føl du sti nedover til Avdalen Gard (ca 390 moh) og vidare heim til Hjelle (ca 100 moh).

Adkomst

Når sommarruta mellom Årdal og Turtagrø over Tindevegen er i drift, lønner det seg å parkere ved Hjelle i Utladalen, ca 7km frå sentrum av Øvre Årdal og ta bussen mot Turtagrø til Skihytta i Fardalen (sjekk med VisitÅrdal for rutetider). Evt. dersom ein har to bilar, parker ein bil ved Hjelle og den andre ved skihytta i Fardalen, ca 8km frå sentrum av Øvre Årdal mot Turtagrø.

Stoppesteder

Ta buss frå Hjelle mot Turtagrø og gå av ved Skihytta i Fardalen (sjekk med VisitÅrdal for rutetider).