Frå Tenål til stølen Kallbakk

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 18.214 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 7 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1091
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen til Kallbakk er ein middels lang tur som høver for familiar med turvante born. Stien er markert med raude merke på stein og trer.

Dei fyrste 2 km går i relativt bratt stiging over beiteområde og deretter i skog til ein kjem fram til Varpet. På Varpet er det informasjonsskilt med kart. Vidare fylgjer ein grusvegen forbi stølen Skorge og tar av på sti i lettare stigning innover til stølen Nyastøl. Deretter går stien vidare til Kongsvatnet. I nordenden av vatnet er det eit stikryss som er merka med skilt. Følg skilt og sti nordover som endar på eit stort, flatt stølsområde: Kallbakk 744 m.o.h.

Adkomst

Ved startpunktet på Tenål er det ein liten parkeringsplass. Elles kan ein også parkere i Vik sentrum og gå til startpunktet. Det er også høve til å køyre bil til Varpet via Fosse. Frå Fosse er det bomveg med avgift, som endar på Varpet der det er parkeringsplass.