Brandsøyåsen OPPTUR løypa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.065 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 492
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Kvart år inviterar DNT landets 8. klassingar på tur!

OPPTUR er ein nasjonal turdag med flotte naturopplevingar, fysisk aktivitet og sosialt samvær utan fokus på konkurranse.

Første gong arrangert i friluftslivets år 2005 og Flora Turlag har vert med frå starten. Elevar frå 8. klasse på Flora Ungdomsskule, Eikefjord barne- og ungdomsskule og lærarar deltar.

Undervegs i løypa er det aktivitetsstasjonar. Ved inste enden av Storevatnet har ein klasse frå Flora Vidaregåande ulike utfordringar til elevane. Neste stasjon er ved Torvmyrane skule. Her er det energipåfyll med frukt og oppmuntrande ord før siste stykket mot toppen. Til slutt er det registrering hos Turleiarane med utdeling av Olden vatten og ein liten premie ved innlevering av tomflaska.

OPPTUR løypa startar frå Flora Ungdomsskule. Du går stien langs Litlevatnet mot Flora Omsorgssenter. Kryss vegen og gå langs Storevatnet mot symjehallen Havhesten.

Ved symjehallen Havhesten kryssar du hovedvegen, går langs kanalen og opp bakken over høgda. Ta rett fram og følg vegen sør for husa. Gå opp den til den lille bakketoppen, ta til høgre og gå stien gjennom skogen oppover mot Fagerdalen. Det kjem også ein sti inn fra Dyreholtvegen. Vidare over til Fagerdalen, der kjem det ein sti til opp frå Dyreholtvegen. Her tar du til høgre og går den grusa stien til endes og du nærmar deg parkeringsplass.

Ved parkeringsplassen tar du av til venstre og opp skogsvegen eit stykke. Der den svingar mot høgre, går du rett fram og ut på stien i terrenget. Følg stien / hovedtråkket oppover. Her kjem også stien frå Krokane Skule opp. Du går på høgre sida av ballbingen rett før Torvmyrane Skule. Kryss vegen og gå vidare på traseen på venstre side av skulen. Halvvegs og rett før den bratte stigninga kjem stien opp frå Solheim i Tofleskardet.

På Toppen har ein flott utsikt over øyane og fjellheimen innover. Siste høgda før toppen, ta til venstre og her finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå. Det er også gapahuk på toppen.

Sporet på kartet er gått 16 02 21

God OPPTUR!

Adkomst

Start ved Flora Ungdomsskule

Linker