Skarpenor og Blåberggruvene

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.455 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 262
Sesong: April - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Turen til Skarpenor er ein enkel tur på god sti som gir deg ei flott utsikt over Øvre Årdal og Årdalsvatnet! Turen heilt opp til gruvene vert rekna som ein middels tur.

Start turen ved Øvstunsfossen, der Fardalsvegen (Tindevegen) mot Turtagrø startar. Følg bilvegen oppover. I 4.svingen tek ein av frå vegen, kryssar Fardaløa på bru og held fram på god sti mot utsiktspunktet under Skarpenor der postkassen til Årdal Turlag står. På vegen har du flott utsikt mot Øvre Årdal og Årdalsvatnet mot Årdalstangen.

Vil du ha ein lenger tur, kan du fortsette opp til Skarpenor (270 moh) og eventuelt vidare opp til Blåberggruvene (420 moh). Det er tydeleg sti heile vegen, men det vert gradvis dårlegare sti og ein del laus stein etter kvart som du nærmar deg gruvene. 

Turen opp til utsiktspunktet under Skarpenor tek 0,5-1t. Vanlegvis brukar ein omlag like lang tid herifrå opp til Blåberggruvene. 

Gradering, GPS-spor og høgdeprofil viser turen frå Øvstunsfossen til utsiktspunktet under Skarpenor der turposten til Årdal Turlag står.

Adkomst