Langedal til Endestadnipa. Fottur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.503 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 728
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen til Endestadnipa 763 moh startar frå Langedal og følger traktorveg/sti som er merka oppover. Etter 500 m kjem du til skiltet som viser til Høgenipa. Følg traktorveg/sti vidare til du kjem inn på stien som kjem opp frå Storebru/Endestad.

Stien fortsett forbi Velomstøylen oppover lia. Det er ikkje like bratt heile tida, men nokre kneiker innimellom dreg pulsen godt opp.

Høgenipa 574 moh kjem til syne ei god stund før du er framme. Det er fin utsikt opp dalen, oppover mot Svarthumle og nedover mot Eikefjorden.

Du går innover og ned til Torsvatnet. I vestenden av Torsvatnet er det ei demning. Det vert fortalt at då dei opna demninga heldt det til tre dagars drift av kvenna nede på Endestad.

Gå over elva og opp og innover ovafor vatnet. Ein må godt innover over halve vatnet før ein svingar opp og så ut ei skår. Ein fortsett vidare oppover før ein rundar utover fjellet mot varden på Endestadnipa. Ved å gå på kanten har ein utsikt til Gjengnen, Maritind, Plogen, Keipen, Blånipa og Midbønipa i nord. I aust ser ein Blånipa på Ramsdalsheia. I sør Bleja, Håsteinen og Vassetvatnet. Vestover ser ein øyane utanfor Florø. 

Turtips 1: Frå varden på toppen kan du gå litt vestover til eit utsiktspunkt ned mot Eikefjord, Løkkebø og Eimhjellevatnet. Det er også ei flott utsikt til fjelltoppar som Børa, Gjegnen og Blegja. Følg sporet på kartet og ut til "Fram på nipa" som var møteplass til ungdom i tidlegare tide - på 1920 talet. Der har dei bygd bord, benkar og levegg av stein. Det vert fortalt at dette var ein plass kjæraster møttes, utan vaksne tilstades, mest sannsynleg søndagar. Tenk å fri der oppe og få JA!

Turtips 2: Når du går ned att kan du etter å ha passert Torsvatnet gå sørover og ned via Langedalstøylen. Det er merka nedover til Langedal og etterkvart kjem du inn på same traktorveg/sti du gjekk opp.

Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst

Langedal parkeringsplassen ovanfor Rv 5 mellom Langedal og Sæterli

Linker