Tindefjellet - rundtur frå Svidalen til Vassenden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 11.152 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 950
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen Fjordane

Beskrivelse

Tindefjellet er ved sidan av Middagsfjellet ein fjellklassikar å gå opp på for folk på Vassenden. Fjellet byr på flott utsikt i koseleg turterreng! Turstart på dette sporet er i Svidalen. Her får du jamnast og beste oppstiging på baksida av fjellet, som også byr på ekte fjelloppleving. Turen startar på skogsveg opp frå Svidalen mot Simastøylen og Svidalsstøylane. Mange av støylshusa på Svidalsstøylane er godt haldne ved like, og gir ei flott råme på starten av turen mot toppen.

Frå støylane går du i kupert og flott fjellterreng opp mot ryggen der du kjem inn på stien som kjem frå Vassenden/Årset. Oppstiginga langs heile ryggen gir deg flott utsikt i vest og mot Jølster Skisenter. På toppen ventar ein flott og majestetisk varde, samt ei formidabel utsikt i aust over Jølstravatnet og innover fjella mot Jostedalsbreen. Turen ned att følgjer same sti som opp langs ryggen. Vidare går stien (og sporet) nedover mot Årseth og Vassenden. I skaret der du passerer ei lita jakthytte, kan du velje å ta av stien og ta ein kort avstikkar inn til varden på Gravsfjellet der du får enno ei flott utsikt austover Jølstravatnet. Her er og bok i varden. Du får flott utsikt over Vassenden og Jølstravatnet på veg ned stien frå skaret. Stien ned att her er noko brattare og kortare enn oppstiginga frå Svidalen.

Rundtturen går i ganske tørt og fint terreng på god sti heile vegen. Det er noko våt myr i terrenget rett etter skogsveg, og innover til støylane i Svidalen. Turen tek i snitt 5 timar.

Turen er skildra som ein rundtur frå Svidalen til Vassenden. Du kan sjølvsagt velge å gå turen i motsett retning, eller starte i Svidalen eller Vassenden og returnere attende til same stad etter å ha vitja toppen. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 på ein av avkøyringane til Svidalen. Parker på toppturparering i Svidalen. 

Linker