Valborgkleiva - Leirstøylen - Røsskleivvatnet i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.883 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 45 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 288
Sesong: April - November
Område: Fjordane Kolebakkane naturreservat

Beskrivelse

Det vanlegaste er å parkere ved bompengetavla.

Du kan enten gå vegen opp til Leirstøylen, eller du kan gå stien som dei fleste gjer. På sjølve støylen ser du skilt til Røsskleivvatnet. Ta til venstre ved skiltet og gå langs elva forbi hyttene på støylen. Du ser tydeleg råsa som går innover og lett oppover i skogsterrenget. Råsa er tydeleg heile vegen opp til vatnet. Det er lett stigning oppover til vatnet med unntak av det aller siste korte stykket opp, som er litt brattare.

På den idylliske plassen ved vatnet har Gloppen Jeger og Fisk ei hytte som kan leigast.

Der ligg og ein liten båt som kan brukast om ein har lyst å fiske.

Turen kan forsetje til Hunskor (Breim), eller ein kan gå på Veten. Det er god sti og skilt mot Veten.

Adkomst

Frå Sandane sentrum køyrer du mot Kleivedammen, og ved kulvert/tunnel under E39 svinger du til venstre opp mot Valborgkleiva. Følg vegen oppover forbi bustadhusa og ta til venstre inn på grusvegen. Rett etterpå, ved grinda, er det bompenger kr 40 om du vil køyre lenger. Følg grusvegen vidare oppover til Leirstøylen.