DNT ruta Ålhus til Longevasshytta og ned att til Legestøylen i Årdalen i Jølster

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 48.86 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 3518
Sesong: Juli - September
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Rundturen frå Ålhus til Longevasshytta, med retur til Årdalen, er ei DNT-merka rute plassert i vill og idyllisk Jølsternatur. Eit besøk innom den koselige DNT-hytta Longevasshytta undervegs er prikken over i`en på denne rundturen! Det anbefalast å legge inn ei natt på Longevasshytta undervegs.

Dei aller fleste vel å gå frå Legestøylen i Årdalen, via Stigsvatnet og Kupa til Longevasshytta. Denne ruta er betydeleg kortare og enklare å gå enn ruta frå Ålhus. Denne turskildringa er skildra med start frå Ålhus til Longevasshytta, og vidare ned til Legestøylen i Årdalen. 

Til vanleg etter normale snøvintrar er det lurt å avvente å gå denne turen til ut i juli månad. Det er ofte harde og svært utfordrande snøfenner å passere langs Stigsvatnet, der det og er rasutsett punkt som skal passerast. Om det er is på Stigsvatnet må du ikkje velje å gå over det snø- og isdekte vatnet i vår- og sommarsesongen. Om du går ruta frå Ålhus til Longevasshytta kan du òg møte på harde og glatte snøfenner i det bratte terrenget frå høgdene du skal ned att mot Longevasshytta. Merk deg at det er snømengda om vinteren, og snøsmeltinga om våren, som bestemmer når det er trygt nok til å gå denne rundturen. Somme år kan ein starte å gå i juni, mens ein på enkelte sesongar må avvente til langt ut i august. Om du er usikker kan det vere lurt å ta kontakt med Indre Sunnfjord Turlag for å undersøke forholda før du legg ut på tur.

Denne ruta startar med jamn og fin stigning på skogsveg opp til Godtdalsstøylen, og vidare på fin og god sti opp Tolsbotnen. Frå skaret etter Tolbotnen ser du ned til Stigsvatnet og stien du skal gå på seinare på dagen ned att til Legestøylen i Årdalen. Etter skaret kjem du opp i meir fjell- og steinlandskap ved Litlebotsegga. Her endrar landskapet seg betraktelig, og du er meir på høgfjellet der steinen og berga rår i terrenget.

Den merka DNT- ruta er stipla inn på kartet, og følgjer nordover gjennom fjellmassivet. Dei fleste vel å følgje den godt merka DNT-ruta over fjellplatået. Om du vil hente ut enno meir utsikt er det eit godt tips å gå litt ekstra for å legge inn eit besøk til dei to høgdedraga som ligg vest for Stigsvatnet. På kartet er dette høgda 1217 moh og 1245 moh der du går via via Trollebottsegga før du går inn att på DNT-stien før den byrjar å gå nedover mot Longevasshytta. 

Frå fjellmassivet og ned til Longevasshytta snor stien seg fint nedover terrenget som stort sett er fint og lett å gå i. Tidleg på sommarsesongen kan du møte på harde snøfenner på eit par punkt her. Nedover har du flott utsikt over alle fjellvatna som ligg rundt den fint plasserte Longevasshytta. 

Longevasshytta er Indre Sunnfjord Turlag si hytte. Om du har DNT-nøkkel kan du stikke innom å koke deg ein kopp kaffi, kjøpe det noko godt av matlageret her og kose deg i den hyggelige stova. Eller kanskje du rett og slett tek ei natt her før du legg ut på resten av turen dagen etter? Det er gode bade- og fiskemogelegheiter ved hytta, der du kan oppleve fridomen det er å vere heilt utan mobildekning. 

Turen ned att til Årdalen frå Longevasshytta går på tydelig og mykje brukt sti. Landskapet er vakkert og dramatisk rundt deg, og når du kjem fram til Kupevatnet og Stigsvatnet kan det lønne seg å setje seg ned å ta ei ekstra rast for å berre nyte området rundt deg. Stien langs Stigsvatnet er tydeleg og lett og fin å gå på etter at den for nokre år sidan vart rusta opp av sherpaer. Frå Stigsvatnet og ned att til Legestøylen i Årdalen går stien i ope og fint beitelandskap.

Den DNT-merka uta frå Ålhus til Longevasshytta går i krevjande fellterreng, der du bør kunne å lese terreng og orientere etter kart og kompass. Dei fleste som besøker Longevashytta går derfor helst frå Legestøylen i Årdalen og opp via Stigsvatnet der stien er tydeleg. Så lenge dei harde snøfennene langs Stigsvatnet er smelta vekk er denne turen relativt enkel å gå. Stien her har ikkje så mange høgdemeter og høver godt som familietur. Det er flott å overnatte på den velholdte Longevasshytta som har mange fine sengeplassar. Vedlagt er eit par lenker som viser ruta slik den er skildra frå Årdalen og opp via Stigsvatnet, samt ytterligare informasjon om Longevasshytta.

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Sidan dette er ein rundtur må du organisere deg med anten to bilar eller skyss. Ålhus: Ta av E39 og køyr på Fv454 inst inn i Ålhusdalen til Indrebø, og følg vidare på skogsveg inn mot Godtdalen. Du må betale bom på skogsvegen inn her. Vegen er fin å køyre på, men det er nokre parti der det kan vere utfordrande dersom bilen er for låg. Hugs å lat att grindane etter deg og vis respekt for beitande dyr. Det er ikkje mogeleg å betale med Vipps (i 2021). Men det er opplyst eit kontonummer du kan bruke for å betale dersom du ikkje har kontantar. Årdalen: Ta av E39 til Årdalen. Inn til Legestøylen køyrer du på den austlegaste skogsvegen som startar på Erikstad. Her kan du betale bomvegen med Vipps. Dette er ein godt holdt skogsveg som er fin å køyre på. Det er flott tilrettelagt parkering rett før Legestøylen. 

Linker