Type: | Fottur |
Lengde: | 16.096 km |
Turen går: | Rundtur |
Varighet: | 8 timer |
Gradering: | Krevende |
Høydemeter totalt: | 1298 |
Sesong: | Juni - September |
Område: | Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde |
Dette er ein flott rundtur der du går i relativt lett og fint terreng å gå i. Turen startar på traktorveg, som går heile vegen opp til Gotdalsstøylen. På vegen opp her passerer du den flotte og majestetiske fossen i Gotdalen. Traktorvegen er fin å sykle dersom du vil spare tid opp og ned. Rett etter å ha passert Godtdalstøylen finn du det artige gamle skiltet som viser deg vegen vidare i ulike retningar.
Stien til Godtdalskaret er det lite att av desverre. Frå støylen må du gå utan sti heile dalføret inn. Elvekryssing skjer rett etter støylen. Elva kan periodevis vere noko stor i vårløysinga. Inn dalføret kan du gå på nokre ryggar for å unngå dei verste myrane i terrenget. Når du kjem inn til bakken opp mot skaret er det tydeleg og god sti oppover mot toppen av skaret. Denne råka er godt heldt i hevd av alle dyra som går opp og ned skaret. Det er noko bratt opp skaret, men det er ingen parti der ein må klyve.
Vel oppe i skaret får du utsikt ned Godtdalen mot vatna ved Godtdalstølen i Naustdal. Du ser også delar av Vonavatnet i Naustdal. Utsikta mot Naustdalsida er i eit betydeleg flatare og snillare terreng enn det du kjem frå i Jølster, og du får eg opa og fin utsikt.
Frå skaret går du i nordvestleg retning eit stykke til før du dreiar i nordvestlig retning opp mot toppen av Grønlifjellet. Det er ikkje noko sti å gå på heile vegen frå skaret og opp til toppen. Terrenget er lett og fint å gå i heile vegen. Når du har tatt omlag alle høgdemeterane, og byrjar å gå innover ryggen, får du flott utsikt mot både Ålfotbreen, Gjegnen og alle fjella som ligg rundt Longevasshytta. Langs ryggen mot Grønlifjellet får du dramatisk utsikt også ned i Trollebottsvatnet og mot Trollebotsegga. Sjølve Grønlifjellet er vakkert i seg sjølv å gå mot der øvste toppen ligg som ein fin kam over Trollebottsvatnet.
Frå Grønlifjellet ser du godt ned att til Godtdalstøylen. Du følgjer rygg i søraustleg rening ned mot Litlebotn. Innimellom kan du nedover ryggen finne antydning til sti, og passere nokre gamle merke etter ein fjelltrimpost for mange år sidan. Det er idyllisk i Litlebotn som du passerer før du traverserer lia austover mot Tolsbotnen. Her kjem du inn på godt merka og tydeleg sti som du føl heile vegen attende til Godtdalstøylen igjen.
Sidan store delar av ruta går i terreng utan sti bør du ved tåke og tett skodde kunne orientere deg ved hjelp av kart og kompass for å gå denne ruta.
AC Kapstad for IST
Ta av til Ålhusdalen frå E39 der du følgjer Fv454. Køyr bomveg på skogsveg inn dalen. Bom kostar 30 kr. Det er ikkje Vippsløysing i 2021, men det er ført opp eit kontonummer du kan betale til dersom du ikkje har kontaktar. Vis respekt for husdyr og lat att grindar etter deg.