Norddalsfjord Gravplass til Gløsen 694 moh

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.452 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1301
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Gløsen er fjellet mellom Øyrelægda og Hestedalen.

Gå frå parkeringsplassen ved gravplassen i Norddalsfjord. Frå Litlevatnet går ein oppover Øyrelægda, men rett over skoggrensa tar ein nordover og opp skaret til Hestedalsheia. Videre opp fjellryggen til Gløsen.

Returen går ned til Hestedalstøylen og støylsvegen til området omkring Litlevatnet.  

Hestedalstøylen har truleg tilhøyrt garden Nord-Bakkjen på Nordalen. Dei siste som nytta stølen, var Yste Øyna, bruket lengst vest på Nordalsøyna. Dette bruket var i si tid utskilt frå Nord-Bakkjen. Kona på Yste Øyna, Sofia, var sjølv budeie her. Ei tung hending førte til at ho ikkje orka å vere på stølen meir. På veg heim frå stølen, sommaren 1913, fall ein av sønene, Anton, i ein alder av 20 år, i Nordalselva og drukna. Stien til Litlevatnet, gjekk opp nær elva. Etter denne tragiske hendinga, fekk Yste Øyna bygt seg sel på Nordalstølen, på sørsida av fjorden. Der kunne Sofie støyle saman med dei andre budeiene frå Nordal.

Råkja opp til stølen har nok vore mykje nytta. Ein stad ved Klovetroppa, finn du mange namn hogge inn i berget. Her har nok vore eit kvile på veg til stølen.

Informasjon om Hestedalstølen og Råkja er henta frå Jostein Midtbø si bok: "Ferdselsvegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord" (2010 Norddalsfjord Grendelag).

Sporet på kartet er gått 29 09 2019 som ein rundtur.

Vel nede ved Litlevatnet - ta gjerne turen bort og sjå på Hestdalsfossen.

God tur!

Adkomst

Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare Fv 544 til gravplassen i Norddalsfjord

Linker