Rasteplassen Eikefjord. Ytrestøylen og Indrestøylen (Knappstadstøylane), Eikefjordstøylen og Hovlandsstølane. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 15.395 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1490
Sesong: Mars - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Gå over vegen (Rv5) frå Rasteplassen i Eikefjord og mot Eikefjordstøylen. Etter omlag 300 meter ved stidelet, ta av austover og fortsett mot Knappstadstøylane. Gå opp Langelia og vidare opp til Ytrestøylen. Du passerer skilta Templet og Perleporten. Alternativ: Kyraråkja er ein enklare trace som ein gjekk med dyra.  

Frå Ytrestøylen går du opp bak støylshusa og kjem inn på stien til Indrestøylen. Frå Indrestøylen føl du same trace tilbake, men går ikkje nedom Ytrestøylen. Frå Ytrestøylen går du vestover Betnene ned til Stølsura og brua over Kleivaelva. 

Gå stien opp til Eikefjordstøylen. Vær obs i Rømmeskåra der det kan være glatt og isete. Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømmebøtta i Luciaræva og rømmen rann ned i Rømmeskåra og derav kjem skiltnavna - Luciaræva og Rømmeskåra.  

Frå Eikefjordstøylen går du vestover til Hovlandstøylane. Følg traktorvegen ned att til Rasteplassen. Om du vil gå alle støylane, kan du følge traktorvegen vidare vestover til Kvalvikstøylane.   

Flott og grei dagstur.

Sporet i kartet er gått 16 03 21 og er ein rundtur.

God tur!

Adkomst

Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5

Linker