Turar rundt Eldegarden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.045 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 518
Sesong: Mai - Oktober
Område: Skarvheimen

Beskrivelse

Parkeringsplassen ved Fv53 er startpunkt for turane til Eldegard, Skåltrokle, Onsete, Kvennli, Løst og Melsete

Alle turane startar frå parkeringsplassen og fylgjer god sti bratt oppover bakkane på høgre sida av Eldegardsfossen. Eit stykke oppe i bakkane kan du velje mellom to alternativ: a) Ta til venstre mot Eldegard. Like før du kjem inn på tunet tek stien vidare til Skåltrokle av til høgre. b) Hald til høgre og følg stien vidare rett til Skåltrokle. Denne ruta er brattare men noko kortare enn alternativ a). Går du opp eine vegen og nedatt den andre får du ein fin rundtur. Eldegardsrunden via Skåltrokle - 3,5km, 1-2t, totalt ca 350 m stigning.

Ved turpostkassen til Årdal Turlag ved Skåltrokle er det stidele til Onsete og Kvennli og Løst og Melsete.  Skal du vidare til Løst har du to alternativ, enten direkte frå Skåltrokle til Løst (sjå GPS spor) eller rundturen via Onsete til Løst og tilbake til Skåltrokle. Denne siste ruta vert litt lenger. 

Turane er skilta ved start og stidele. Det er merka og god sti til Skåltrokle, men noko dårlegare sti vidare til Løst. Rundturen Skåltrokle-Onsete-Løst-Skåltrokle vart rydda og merka i 2020. Stien til Kvennli er og grei å fyglje. Ruta frå Løst vidare til Melsete er ikkje merka og kan vere vanskeleg å finne somme stader.

Adkomst

Parker på utkøyrsle ved Eldegardsfossen på Fv53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.