Kvile, Moadalen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.9 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 771
Sesong: April - Desember
Område: Jotunheimen

Beskrivelse

Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i området og desse er tilgjengeleg i sjekkUT. 

Kvile 

Start frå Parkeringsplassen nedanfor Moa og følg skilt til Kvile. Hald til venstre når du kjem opp på Moabresten (etter ca 50 meter). Fylgj stien mot Moakamben, men fortsett rett fram når denne tek av til venstre opp mot Moakamben. Ta til høgre i neste kryss og følg god sti til Kvile. Startar du frå Lykkja i Utladalen fylgjer du stien mot Moakamben til du møter stien som går frå Moa til Kvile. Då tek du til venstre mot Kvile. Turen til Kvile tek vanlegvis 0,5-1t.

Gps-spor og høgdeprofil viser ruta med start frå parkeringsplassen på Moa og slutt i Lykkja.

Turen til Kvile kan fint kombinerast med ein tur på Moakamben eller Svalheimsåsen dersom du vil ha ein lenger tur.

Frå Kvile held stien fram oppover Moadalen via Øyestølen til Holsbru ved Fv. 53. Det er god sti til Kvile, men vidare mot Holsbru er stien er mindre nytta, så her er stien dårlegare og kan vere noko attvoksen om sommaren.

Adkomst

Kjem du med bil er det best å starte turen ved Moa der det er godt tilrettelagt for parkering. Turane til Ytre Moa, Moakamben og Kvile kan alle startast her. Kjem du til fots eller med sykkel kan du også gå via Ytre Moa frå Olmenhagen eller frå Lykkja i Utladalen. Du kan og parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal. Sjå turen Rallaren - Ytre Moa for skildring av ruta frå sentrum av Øvre Årdal til parkeringsplass på Moa.