Topptur til Brøknipo frå Hovden om Bjørkerinden, Borgosetre og Flatafjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.294 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 747
Sesong: Hele året
Område: Osterøy

Beskrivelse

Eit flott alternativ frå Hovden som eventuelt kan kombinerast med retur om Vindegga (Sjå Fottur til Bruviknipa (Brøknipo) frå Hovden). Frå Hovden går turen på god sti roleg oppover i bjørk og furuskog. Ei,n passerer fleire skilta løyper, men følgjer hovudstien mot Revheimsstølane. Ein passerer tre vatn, Litlavatnet, Storavatnet og Sildatjønne, og så kjem ein til Revheimsstølane der det er ei bru over elva. Føl ein stien rett fram utan å gå ove brua kjem ein på "Fottur ..." Vi går over brua og fortsette bort til første stølen. Her er det eit vegskilje. Oppover til venstre går stien over Innsetberget. Men vi går rett fram og følge stien til vi kjem til ei ny bru over elva. Rett før brua står det skilt mot Borgosetra. Vi kryssar elva og føl grei sti inn mot Kråkebotnane og opp Bjørkerinden. He er det som namnet seier flott gamal bjørkeskog. Til venstre ser vi etterkvart Rongvesetre og seinare Geitrheimssetre. Og framom oss lår ein gong Espevollsetre. Heile område her har berre tett i tett med setre og er ein tur verdt i seg sjølv.

Vi klartrar vidare opp etter stien, passerer under høgspentlinja og stien går så i ein smal dal nesten i rett line mot Borgosetra. På siste stykke her ser ein restane etter eit gamalt klebersteinsbrot. Rett før Borgosetre møter vi stien som dei som kjem frå Njåstad eller Båtaleitet nyttar, og vi føl den oppover til høgre over Flatafjellet der vi har flott utsikt over Brøkbotnen og Rispingen. Etterkvart møter vi stien som kjem frå Hovden over Vindegga og tek til venstre og føl denne strake vegen til Brøknipo. Og der ventar som vanleg eit fantastisk skue 800 m rett ned mot kyrkjestaden Bruvik, over fjorden til Vaksdal, nordover mot Ripingen og Høgafjellet med Storavatnet framom. Og sørover mot Hananipo, Trengereid og Gullfjellstoppen. Turen tilbake kan ein så i staden følje den nemnde Fottur .... :-)

Adkomst

Ein køyrer til Lonevåg på Osterøy. Der tek ein inn på Fotlandsvegen og tek så til høgre etter Osterøy ungdomsskule inn Solbjørgsdalen. Ein tek så av ved skilt til Hovden og følge denne vegen til ende. et er mogleg å parkera der mot avgift

Stoppesteder

Buss 200 eller 210 til Lonevåg skulesenter. Derifrå må ein gå eller ta drosje. Det er ca 5 km å gå til Hovden.