Bakkekletten

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.05 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 149
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå parkeringa kryssar vi fv 609 før vi tek til venstre inn på ein gammal kjerreveg under Kletten. Vi følgjer kjerrevegen gjennom ei grind og fram til eit vedlager. Her tek vi til høgre og følgjer ein traktorveg fram til der stien tek til venstre og stig bratt opp til eit utsiktspunkt mot nord. Deretter går vi gjennom lett skogsterreng til toppen der stien deler seg i to. Til høgre ligg utsiktspunkt rett over Holmedalsbygda. Til venstre finn vi stiens høgaste punkt (155 moh) og bålplassen. Tilbake same veg.
Dette er ein av stiane som er med i Kystarvkonseptet.

Adkomst

Fv 609 til Holmedal sentrum der det ser ein liten topp aust for kyrkja. Parkeringsplass og start for turen på utkøyring rett under Bakkekletten. Her er det og fint å ta eit bad i Dalsfjorden.