Lorkverna - ein sfære av tidleg industriell tid

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.524 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer 20 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 334
Sesong: Juni - August
Område: Tafjordfjella og reinheimen

Beskrivelse

Lorkverna er eit levande industrihistorisk kulturminne som ligg i lognande furuskog ved elva Lora i munningen av Lordalen. Her kan du sjå og oppleve korleis vatn har vore nytta til drift i ulike arbeidsprosessar frå gamalt. På Lorkverna er eit møllebruk med tørrstugu, ei vadmålstampe, møllarstugu, stall og smie. Alle hus står opne. I møllarstugu er det høve til å overnatte.

Området høver godt for leik og avkopling for heile familien, heile året. Mellom velhaldne tømmerhus og vassrenner finns det benkar og bord, bålplass og kaffekjel.

Ei solid bru over elva gjer Lorkverna tilgjengeleg frå båe sider av elva. Ein turstig med ti postar er opparbeid frå parkeringsplassen til Lorkverna, over elva og ein runde opp til Lorfossen og attende. På tavlene finn du informasjon om kultur og natur i området.

Øvst i turstigen ved Lorfossen er det ein gapahuk med bålplass og utedo. Stigen til gapahuken er godt eigna for barnevogn og terrenggåande rullestol. Turstigen er omlag fem kilometer lang fram og attende.

Lorkverna er restaurert og oppbygd av Lesja Historielag.

Omvisning kvar fredag - søndag gjennom sommaren. Ei omvisning omfattar orientering om bruken av området gjennom tidene og demonstrasjon av kverna og stampa. Kontanter. Det er og mogleg å kjøpe med seg mjøl som er kverna her.

Adkomst

10 km vest for Lesja sentrum, på Lora, tek du av E136 ved skilt mot Reinheimen og Lorkverna. Etter 1 km køyr til venstre i vegkryss, følg skilting mot Lorkverna. Parkering på venstre hand der turstigen startar på høgre hand. Frå parkeringa til sjølve Lorkverna er det omlag 1,3 km å gå. Stigen er fin og brei, slik at barnevogn fint kan trillast innover.

Stoppesteder

Buss frå Dombås/Bjorli til Lora S-lag. Rutetabell finn du her: www.en-tur.no Tog frå Dombås/Åndalsnes til Lesja stasjon. www.vy.no Vidare med buss frå Lesja til Lora S-lag.

Linker