KÅRDAL – MJØLFJELLET–UNGDOMSHERBERGET

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.349 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1102
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Du går opp ryggen mot 1374-toppen og på blankskurt fjell mot 1470-toppen. Det er flott utsikt mot Hardangerjøkulen og Hallingskarvet i aust. Stien går til dels i skar og på hyller ned mot Gommaskardet. Fortsett ned den gamle buføringsvegen mot dei idylliske stølane i Slondalen.

Høgdeforskjell 635–1470–660 moh

Ruteforklaring

Stien går over Kleivelva ved Kårdalsbrua. Du fortset stien opp ryggen på vestsida av Skredteigselvi. Vil du gå i vegetasjon går du stien til venstre ved ca. 900 moh, og krysser elva ved ca. 1000 moh. Frå 1470-toppen (søre topp) ser du Hardangerjøkulen og Hallingskarvet. Herifrå er ruta merka mot eit skar som fører deg ned til stidelet mellom Slondalen og Tryglabotn ved Gommaskaret. Nedanfor skaret går stien delvis i hyller. Vær sikker på at du følger stien her. Du fortset ned mot aust i skaret frå Gommaskardet og vidare nordover ned mot Slondalen til der to elvar møtest. Sør for Slondalsvatnet kan du gå stien langs austsida av vatnet forbi dei idylliske stølane Bruåni og Slondalsetrane. Du kan og velge å gå langs vestsida av av vatnet. Ver merksam på steinsprang her. Begge stiene møter vegen ved nordenden av Slondalsvatnet

Naturforhold

Forbi Tjørehellaren er det eit elgtråkk (ca. 700 moh). Geologien bestemmer vegetasjonen i stor grad langs ruta. I vestre del er det lys anortositt med frostspengt fjell. Denne bergarten kan assosierast med mjøl, og difor heiter fjellet Mjølfjell. Aust for Skredteigselvi er det meir næringsrike bergartar med betydeleg meir vegetasjon. Mot 1470-toppen er det mykje blankslipt fjell med lite lausmassar og vegetasjon. . Frå Gommaskardet og ned mot Slondalen vert det meir grønt med ein del snøleievegetasjon i den øvre delen. Slondalen er frodig og lun. Det er ikkje utan grunn at stølane vart lagde her.

Kulturminne

Lov om kulturminner [kulturminneloven] - Lovdata

§ 3. Forbud mot inngrep i automatisk fredete kulturminner. Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

Like etter brua går stien på austsida av Tjørehelleren til stigninga i nordsida av Mjølfjellet. Helleren ligg under det bratte berget i nordvestsida kor det er spor etter bruk, også tjørebrenning. Det er ukjent kven som har brukt denne, men det kan vere folk frå Kleivane for lenge siden.

R8 Gommaskard (3 lokaliteter)

Gommen og klyvjasteinar

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommen-loftestein

Gommen er ein kvit stein som ligg på leitet (stad med god utsikt) aust for Tryglabotnen ved den gamle buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk frå før Svartedauden. Her har ein Mjølfjellet i nord, Gommahaugen i søraust og Brattefonni mot Slondal i aust. Gommen måler ca. 40x40 cm og ligg på ein jordfast stein. Den har restar av gamal T-merking på fire sider. Ein gamal varde, også med rødmaling på, står éin meter aust for denne. Tidlegare var det vanleg å løfte av kløven (seletøy for rygglast) her, og leggje den over steinen for at hesten skulle få kvile. Det er mogleg at dei to jordfaste steinane vart brukt som klyvjasteinar som hesten kunne stå mellom når kløven skulle av eller på. Når unggutane klarte å løfte Gommen til brystet var dei sterke nok til å kløve heim ein primkløv (prim er eit osteprodukt) åleine, heitte det.

Gluggevarde

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-gluggevarde

Varden står på ein knaus nord for stien/buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Slondal, ca. 13 m aust for ein stor steinblokk. Varden er ikkje synleg frå stien der Gommen står. Varden er bygd av bruddstein til eit rom med åpning mot nordaust, med ein låg helle på tvers av åpningen. I rommet fann ein eit rustent spadeblad i 1996.

Blokkheller

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-blokkheller

Blokka som er stor som eit hus, står på ein avsats/knaus nord for stien. Staden ligg ved buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan middelalderen, før Svartedauden. Ein gluggevarde står ca. 13 meter mot aust. Blokka har ein stor rydda plass under framspringet på nordsida. Her er stein stabla til meir enn éin meter høgde. På vestsida ligg ein mindre, nedrast mur.

R9 Baotaklypet

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/baotaklypet-buforingsveg-mjolfjell

Staden ligg på buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan tidleg på 1300-talet. Staden vert kalla Baotaklypet fordi terrenget der stien går, smalnar av i ein båtfasong her. Her svingar vegen mot nord over nokre sva (bart fjellparti) kor det er bygd to rampar av stein for kyr og hest. Det er sprengt vekk fjell i berget kor den øvste (sørlegaste) står. Truleg er dette den yngste av rampane. Det er også litt oppmuring i svaet nokre meter mot nord.

Setrene ved Slondalsvatnet (ikkje i kulturminnesøk)

R10 Bruåni seter (Brauaonæ)

Da stølen vart utskild frå Slondalen seter i 1816 var det stølshus her. Her stølte Viknes, Øydvin og Haaheim. Det var felles beiter for begge Slondalsstølane Bruåni og Slondal.

*R13 Slondalen seter Stølen er nemnt i eit pergament (brev) frå 1322. Den var i bruk då, men er truleg endå eldre. I 1340 kjøpte Sigurd på Haaheim i Ulvik ein halvpart av stølen. I 1723 tilhøyrde den Haaheim, Hjeltnes, Kvale, Rondestveit, Vattetveit og Viknes.

*

Adkomst

Parkering ved Kårdal pensjonat eller Ungdomsherberget

Stoppesteder

Jernbane til Ljosanbotn eller Ørneberget

Linker