KÅRDAL–MJØLFJELLET– GOMMASKARDET–TRYGLABOTN–HELLENE

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.894 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1081
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Du går opp ryggen mot 1374-toppen. Herfrå går du i mykje blankskurt fjell mot 1470-toppen. Her er flott utsikt mot Hardangerjøkulen og Hallingskarvet i aust. Stien går til dels i skar og på hyller ned mot Gommaskardet. Frå Tryglabotn i vegetasjonsrikt høgfjellsterreng over mot Mjølbotn.

Høgdeforskjell 635–1470–620 moh

Ruteforklaring

Stien går over Kleivelva ved Kårdalsbrua. Du fortset stien opp ryggen på vestsida av Skredteigselvi. Vil du gå i vegetasjon går du stien til venstre ved ca. 900 moh, og krysser elva ved ca. 1000 moh. Frå 1470-toppen (søre topp) ser du Hardangerjøkulen og Hallingskarvet. Herifrå er ruta merka mot eit skar som fører deg ned til stidelet mellom Slondalen og Tryglabotn ved Gommaskaret. Nedanfor skaret går stien delvis i hyller. Vær sikker på at du følger stien her. Frå Gommaskardet går du 1 km sti mot vest der du møter skiltinga mot Mjølbotn og Hellene. Ein går opp eit lite bratt heng til høgre for steingjerde på toppen. Herifrå fortsetter ein ned mot Fagerdalen forbi austsida av vatnet og over høgda på nordsiden før ein går ned mot Mjølbotnsetrane. Frå Mjølbotn til Hellene er stien tydeleg og ein kommer til slutt ned til Kleivelva og bruen over til Hellene.

Naturforhold

Forbi Tjørehellaren er det eit elgtråkk (ca. 700 moh). Geologien bestemmer vegetasjonen i stor grad langs ruta. I vestre del er det lys anortositt med frostspengt fjell. Denne bergarten kan assosierast med mjøl, og difor heiter fjellet Mjølfjell. Aust for Skredteigselvi er det meir næringsrike bergartar med betydeleg meir vegetasjon. Mot 1470-toppen er det mykje blankslipt fjell med lite lausmassar og vegetasjon. Frå Gommaskardet ned mot Tryglabotnen er det også ein god del blankskurt gneis. Frå Tryglabotn til Mjølbotn er geologien annleis og med rikare høgfjellsvegetasjon. Ved tregrensa ned mot Mjølbotn er bjørka snøpåvirka, og er dermed mykje krokete og bøygd. Nedanfor Mjølbotn overtar gradvis furua. Her finn du furutre i alle stadier, noko som er bra for det biologiske mangfaldet. Ein kan se stubbar som fortel oss at det tidlegare har vore plukkhogst. Her er også større myrar som saman med skogen gjev ei flott naturoppleving. Brua går over den krystallklare og flotte Kleivelva Her er mest småfallen aure, men i dei store hølane kan det også stå ein og annan storaure.

Kulturminne

Lov om kulturminner [kulturminneloven] - Lovdata

§ 3. Forbud mot inngrep i automatisk fredete kulturminner. Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

Like etter brua går stien på austsida av Tjørehelleren til stigninga i nordsida av Mjølfjellet. Helleren ligg under det bratte berget i nordvestsida kor det er spor etter bruk, også tjørebrenning. Det er ukjent kven som har brukt denne, men det kan vere folk frå Kleivane for lenge siden.

R8 Gommaskard (3 lokaliteter)

Gommen og klyvjasteinar

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommen-loftestein

Gommen er ein kvit stein som ligg på leitet (stad med god utsikt) aust for Tryglabotnen ved den gamle buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk frå før Svartedauden. Her har ein Mjølfjellet i nord, Gommahaugen i søraust og Brattefonni mot Slondal i aust. Gommen måler ca. 40x40 cm og ligg på ein jordfast stein. Den har restar av gamal T-merking på fire sider. Ein gamal varde, også med rødmaling på, står éin meter aust for denne. Tidlegare var det vanleg å løfte av kløven (seletøy for rygglast) her, og leggje den over steinen for at hesten skulle få kvile. Det er mogleg at dei to jordfaste steinane vart brukt som klyvjasteinar som hesten kunne stå mellom når kløven skulle av eller på. Når unggutane klarte å løfte Gommen til brystet var dei sterke nok til å kløve heim ein primkløv (prim er eit osteprodukt) åleine, heitte det.

Gluggevarde

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-gluggevarde

Varden står på ein knaus nord for stien/buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Slondal, ca. 13 m aust for ein stor steinblokk. Varden er ikkje synleg frå stien der Gommen står. Varden er bygd av bruddstein til eit rom med åpning mot nordaust, med ein låg helle på tvers av åpningen. I rommet fann ein eit rustent spadeblad i 1996.

Blokkheller https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-blokkheller

Blokka som er stor som eit hus, står på ein avsats/knaus nord for stien. Staden ligg ved buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan middelalderen, før Svartedauden. Ein gluggevarde står ca. 13 meter mot aust. Blokka har ein stor rydda plass under framspringet på nordsida. Her er stein stabla til meir enn éin meter høgde. På vestsida ligg ein mindre, nedrast mur.

R4 Fangstgrav i Knostebakk- kleivi

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/tryglabotn-fangstgrav-i-knostebakk-kleivi

Øvst i Knostebakk-kleivi, som er stigningen ein går opp frå Tryglabotnen nordover mot Fagerbotnen, ligg ein gjenfylt fangstgrav for rein. Utvendige mål er ca. 3x2,5 m nordnordaust/sørsørvest med rester av ledegjerder ca. 3 m mot nordaust, 4 m mot sørvest og 2 meter søraust.

Denne er eit automatisk freda kulturminne.

R7 Steingjerde i Knostebakk-kleivi

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/tryglabotn-steingjerde-i-knostebakk-kleiva

I overgangen frå Fagerbotnen, på kanten mot Tryglabotnen, er det eit lågt steingjerde. Gjerdet er orientert aust/vest og er kanskje 100 meter langt, men oppstykka frå vest med 12+8+10 meter lengder som stenger på slake parti mot Tryglabotnen i sør, og med opningar ut mot bratte parti. Det finns restar av staur og streng einskilde stader. Opphavleg kan gjerdet hatt funksjon i eit dyrestup til fangst av rein, men nyare gjerderester som streng og staur indikerer at det også vart brukt som beitegjerde.

Knostebakk-kleivi

Buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Fagerbotnen til Mjølbotnsetrene går i stigninga sør for Tryglabotnen. Øvst er eit steingjerde, litt nedanfor er det ein gjenfylt fangstgrav. Nederst er det eit parti kor det er murt nokre trinn, truleg for kyr og hest.

R14 Mjølbotnsetrene

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/mjolbotnsetrene

Mjølbotnsetrene ligg ved enden av buføringsvegen frå Ulvik om Tryglabotnen og Fagerbotnen. Det er fortsatt synlege restar av vegen i stigninga søraust for setra. Mjølbotn er nemnt i diplom frå 1322 då den tilhøyrde garden Brekke i Raundalen. Den vart kjøpt frå Voss av Torblå i Ulvik, truleg i 1339-40, samstundes med Slondal og truleg Vesete. Det var åtte tufter (steinmurar) og ei hytte på setra i 2017. Det sto to sel (hus) her til utpå 1970-tallet.

Adkomst

Parkering ved Kårdal. Lite eller ingen parkering ved Hellene

Stoppesteder

Jernbane til Mjølfjell stasjon eller Ljosanbotn

Linker