UNDOMSHERBERGET–FAGERDALSVATNA–UNGDOMSHERBERGET

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.823 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 869
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Gå langs Slondalsvatnet på austsida. Flott kulturlandskap mot Slondalsætrane. Frodig høgfjellsterreng ved Fagerdalsvatna. Godt aurefiske (hugs fiskekort). Møter stien frå Kvannjolvatnet nedanfor Småfagerdalsvatnet.

Høgdeforskjell 660–1120–660 moh

Ruteforklaring

Du går vegen til Slondalsvatnet. Frå vegen går det sti over ei bru. Fortset langs austsida av vatnet. Stien går til dei idylliske Slondalsetrane. Stien går vidare frå Slondalsseter på sørsida av elva som renn frå Fagerdalsvatnet. Langs med stien passerer du dei tre Fagerdalsvatna. På veg ned frå Småfagerdalsvatna møter du sti frå Kvannjolvatnet. Du fortset ned mot Slondalsvatnet langs nordsida av elva frå Småfagerdalsvatni. Det er ein ganske bratt sti i Baklia. Sjå kart.

Naturforhold

Frå Ungdomsherberget og opp til Slondalsvatnet er det mykje lauvskog, hovudsakleg bjørk. Her er det noko tyrihjelm som indikerer rikt jordsmonn. Ved austsiden av Slondalsvatnet er det open kulturpåvirka bjørkeskog. Gradvis går det over til fin høgfjellsvegetasjon. Enkelte snøleier med mose og musøyre passerar du nedanfor kanten i øvre del. Det er ikkje utan grunn at stølane blei lagt i Slondalen. Næringsrike bergartar og lune lier gjev gode beitetilhøve frå Slondalsvatnet og høgt til fjells på austsida.

Fagerdalsvatna har fin aure. Det er meir småfallen og talrik aure i det nedste Småfagerdalsvatnet. Kjøp fiskekort ved vegkrysset der vegane frå Slondalen og Upsete møtest. Når det gjeld jakt sjå inatur.no for Ulvik Herad.

Kulturminne

Lov om kulturminner [kulturminneloven] - Lovdata

§ 3. Forbud mot inngrep i automatisk fredete kulturminner. Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

R12 Søndre Frustøl

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/slondal-frustol-sondre

Denne stølen ligg ved stien om lag halvvegs mellom Fagerdalsvatnet og Slondal, på ein avsats ca. 1000 moh. På om lag same høgda, men 4-500 meter lenger nord, ligg Nordre Frustøl. Den er overgrodd av vier og litt vanskeleg å få auge på. Den nordre stølen, og kanskje også den søndre, skal vere gamal støl til Haaheim, Slondal/Ulvik. Truleg nedlagd før 1830.

R11 Bulegena

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/bulegena-slondal

Lengst nord i det området som kalles Bulegena, sør for Småfagerdal ligger en tuft/mur på en forhøyning i terrenget. En bekk renner 15-20 meter vestenfor. Den er lav med voll rundt. Trolig er det denne som har gitt navn til området.

Muren er av bruddstein ca. 4x3 meter NV/SØ, og ca. 0,3 meter dyp innvendig. Dette har trolig vært en støl tidligere som trolig er nedlagt før 1830 da den ikke finnes på almenningskartet fra1830 eller andre kart.

Ved befaring 8/7-19 var sørenden sterkt sammenrast. GPS 32V 389619 6727531 (1043 moh).

R10 Bruåni seter (Brauaonæ)

Da stølen vart utskild frå Slondalen seter i 1816 var det stølshus her. Her stølte Viknes, Øydvin og Haaheim. Det var felles beiter for begge Slondalsstølane Bruåni og Slondal.

*R13 Slondalen seter Stølen er nemnt i eit pergament (brev) frå 1322. Den var i bruk då, men er truleg endå eldre. I 1340 kjøpte Sigurd på Haaheim i Ulvik ein halvpart av stølen. I 1723 tilhøyrde den Haaheim, Hjeltnes, Kvale, Rondestveit, Vattetveit og Viknes.

Adkomst

Parkering ved Ungdomsherberget

Stoppesteder

Jernbane til Ørneberget

Linker