HELLENE– TRYGLABOTN – MILITÆRLEIREN

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 13.731 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 827
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Følg stien mot Mjølbotn og vidare over mot Tryglabotn. Frå Tryglabotn med blanskurte fjell kommer du ned til den idylliske Vesetdalen. Ved Vesetevatnet ligg BT-hytten, kan ein overnatte.

Høgdeforskjell 620–1160–570 moh

Ruteforklaring

Stien er tydeleg heile vegen sørover til Mjølbotnsetrane. Vidare mot sør må du krysse elva der den gjer ei sving. Du fortset på den gamle buføringsvegen over til Fagerbotnen, og følgjer austsida av vatnet. Terrenget her er fint og lett å gå i. Stien går så over kanten ved steingjerde ned (Knostebakkleivi) mot Tryglabotn. Frå Tryglabotn går du til høgre (vest) mot Vesetdalen og BT-hytta. Følg T-merka sti ned til Raundalsvegen ved Militærleiren. Ein må vere merksam på at hengjebrua over Raundalselva vert demontert etter haustferien. Det går også ei bru ca 1.5 km lengre vest. Den kan brukast heile året.

Naturforhold

Stien startar ved Velbrua over den krystallklare og flotte Kleivelva. Her er mest småfallen aure, men i dei store hølane kan det også stå ein og annan storaure. Første del av stien er prega av gammal og rik furuskog. Her finn du furutre i alle stadier, noko som er bra for det biologiske mangfaldet. Ein kan se stubbar som fortel oss at det tidlegare har vore plukkhogst. Her er også større myrar som saman med skogen gjev ei flott naturoppleving. Når ein nærmar seg 800 meter høgde går det meir over i dominans av bjørkeskog. Bjørka øvst er meir snøpåvirka, og er dermed meir krokete og bøygd. Forbi elva ved Mjølbotn går du i starten på ein morene og terrenget blir meir opent. Over fjellet er det pga. geologien rik høgfjellsvegetasjon heile vegen over mot Tryglabotn. Ved Tryglabotn møter ein blankslipt gneis der isen tok med seg mesteparten av lausmassane under istida. Ved «Badnatjødn» er det mengder av jettegryter som isen har laga. Dette endrar seg når ein kjem ned mot Vesetvatnet der det igjen vert frodigare på austsida av vatnet. Langsmed vatnet går stien gjennom ei ur kalla Venure som har fint kanta brotstein.

I lauvskogen ser ein at det dukkar opp små grantre. I skråninga opp mot Vesetfjellet står det ein lerk som står imot storm og snø. Frøa kjem frå Ulvik og Raundalen. Nedover frå Vesetvatnet går ein langs småvatn og elv med aure i.

Kulturminne

Lov om kulturminner [kulturminneloven] - Lovdata

§ 3. Forbud mot inngrep i automatisk fredete kulturminner. Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

I Mjølbotn er der tufter etter fleire stølar. Ein av stølane er fortsatt i hevd. Ved kanten ned mot Tryglabotn er det eit steingjerde. Vidare ned «Knostebakk-kleivi» går du forbi ei fangstgrav for rein som er fyllt igjen før stien deler seg mellom Vesete og Slondalen.

R14 Mjølbotnsetrene

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/mjolbotnsetrene

Mjølbotnsetrene ligg ved enden av buføringsvegen frå Ulvik om Tryglabotnen og Fagerbotnen. Det er fortsatt synlege restar av vegen i stigninga søraust for setra. Mjølbotn er nemnt i diplom frå 1322 då den tilhøyrde garden Brekke i Raundalen. Den vart kjøpt frå Voss av Torblå i Ulvik, truleg i 1339-40, samstundes med Slondal og truleg Vesete. Det var åtte tufter (steinmurar) og ei hytte på setra i 2017. Det sto to sel (hus) her til utpå 1970-tallet.

*Knostebakk-kleivi

Buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Fagerbotnen til Mjølbotnsetrene går i stigninga sør for Tryglabotnen. Øvst er eit steingjerde, litt nedanfor er det ein gjenfylt fangstgrav. Nederst er det eit parti kor det er murt nokre trinn, truleg for kyr og hest.

R7 Steingjerde i Knostebakk-kleivi

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/tryglabotn-steingjerde-i-knostebakk-kleiva

I overgangen frå Fagerbotnen, på kanten mot Tryglabotnen, er det eit lågt steingjerde. Gjerdet er orientert aust/vest og er kanskje 100 meter langt, men oppstykka frå vest med 12+8+10 meter lengder som stenger på slake parti mot Tryglabotnen i sør, og med opningar ut mot bratte parti. Det finns restar av staur og streng einskilde stader. Opphavleg kan gjerdet hatt funksjon i eit dyrestup til fangst av rein, men nyare gjerderester som streng og staur indikerer at det også vart brukt som beitegjerde.

R4 Fangstgrav i Knostebakk- kleivi

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/tryglabotn-fangstgrav-i-knostebakk-kleivi

Øvst i Knostebakk-kleivi, som er stigningen ein går opp frå Tryglabotnen nordover mot Fagerbotnen, ligg ein gjenfylt fangstgrav for rein. Utvendige mål er ca. 3x2,5 m nordnordaust/sørsørvest med rester av ledegjerder ca. 3 m mot nordaust, 4 m mot sørvest og 2 meter søraust.

Denne er eit automatisk freda kulturminne.

R5 Gluggevarde Tryglabotnen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gluggevarde-tryglabotn

Varden står på ein haug sør for stien der denne krysser elva frå Tryglabotnen. Stien er også del av dei gamle buføringsvegane frå middelalderen som går i området her. Varden er bygd av bruddstein som eit rom ope mot sør. Desse vardane som er plasserte på leiter (stader med god utsikt) vert også kalla for offervardar, kor det etter tradisjonen skulle leggjast offergåver. Over rommet er det ein vanleg utsjåande varde. Herifrå er det fri sikt til Gommaskard/Gommen kor det også er ein offervarde.

R4 Fangstgrav Tryglabotnen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/fangstgrav-i-veset

I eit søkk i svaene (bart fjellparti) kor stien går mellom Vesetvatnet og Tryglabotnen, ligg ein gjenfylt fangstgrav. Stien gjer ein sving utanom grava. Grava er murt i ei røys av samla stein, slik at når grava var intakt, ville det vere naturleg å gå over den som ei slags bru over søkket. Det er synleg muring i austenden og rester av ledegjerder på nordsida.

Automatisk freda kulturminne.

R3 Badnatjødn – vegkryss/ferdsel og buføringsveg

Badnatjødn er tjernet med dei flotte jettegrytene i svabergene mellom knausen Jeriken og nedgangen til vegen i Fallet. Kirkevegen til Ulvik gjekk her.

Det er ein Likheller ved Fallet. Dette namnet kjem truleg frå sagnet om eit sykt barn som skulle til Ulvik for å døypast, men som vert så dårleg at det måtte døypast undervegs i det som sidan vart kalla Badnatjødn. Vatnet vert også kalla for Karitjødn, som kanskje var namnet på barnet. Ein annan versjon av historien er at kløven barnet låg i, løsna og fell i vatnet då hesten bøyde seg for å drikke.

Badnatjødn er frå boka «Mjølfjell i nær og fjern fortid» 1996, Knut S. Andersen og Christian Hysing-Dahl.

R3 https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/vesettryglabotnen-buforingsveg

Ein av buføringsvegane mellom Ulvik og stølene i Veset og Mjølbotnen gjekk her i gamal tid. Vegen gjekk opp grusbakken øst for Badnatjødn. Vidare mot Veset gjekk vegen på den slakere nordsida av Jeriken. Til Mjølbotnen gjekk vegen opp svaene mot Tryglabotnen, kor det fortsatt er synlege restar av oppmuringar laga for kyr og hest.

R2 Vesete

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/vesete-seter-mjolfjell

Seteren Vesete som er ein Ulvikstøl, kan vera frå før Svartedauden, det same som Mjølbotnsetrene. Stølsdrifta låg nede ei tid grunna snøskred i Tyssedalen omkring 1640 som øydela buføringsvegen. På samme tid vart sjølve sela øydelagt av eit anna snøskred.

Det er to tuftar mellom det nederste selet og det nybygde doet, og ein tuft lengst aust på bøen. Selet nærmast vatnet tilhøyrer Hans Lindebrekke i Ulvik. Den andre delen av setra vart solgt til J. W. Eide/Bergens Tidende i 1910. I samband med BT sitt 150-årsjubileum i 2017 vart denne hytta gjeven i gåve til Bergen og Hordaland Turlag.

R1 Urdlandsstølen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/urdlandsstolen-mjolfjell

Det er i dag tre bruk på Urdlandsstølen. Stølen vart kjøpt av Viking N. Urdland i 1860-åra frå gården Almenningen. Før hadde Urdland brukt Fossen i Rjoanddal til sommerstøl saman med Norheim, en annen bruker i dalen. Det eldste selet på Urdlandsstølen blei flytta dit frå Fossen, og det er mogleg at det blei flytta til Fossen også. Selet er nå riven.

Kristi V. Urdland Hylle (1874-1954) og søstera Marta fekk ein del av Urdlandsstølen i 1914. Dei budde der og dreiv det som eit småbruk. Når folk fra Mjølfjellsiden skulle over Raundalselva, banka dei på løypestrengen for å få hjelp til å komme over. Ellers vada dei.

Adkomst

Ingen (lite) parkering ved Hellene. Parkering ved nedkjørsel vest for militærleir.

Stoppesteder

Jernbane til Mjølfjell stasjon

Linker