Jashaugbu-Jordalsskardet-Skard over Langafjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 18.184 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 854
Sesong: Juni - Oktober
Område: Nærøyfjorden landskapsvernområde Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Flott fottur frå Jashaugbu inst i Jordalen til Skard like over Fresvik. 

Turen forbi Fresvikvarden og føl Langafjellet over Storaleitet til parkeringsplassen ved Skard ovanfor Fresvik. Denne skildringa er basert på ein sommartur. Turen startar frå hytta eller vegen like nedanfor. Sjølve hytta kan vere vanskeleg å finne, men ved stistart står eit skilt mot Fresvik og ein finn enkelte raude T-ar. Stien er dog tydeleg og vardane godt synlege. Ved Rjupeskard kan ein velje om ein vil gå over Langafjellet eller ned Tundalen. Denne skildringa er av førstnemnte. Ved Rjupeskard må ein følgje vardane nøye ved kryssing av Gryteskarvbreen! Turen endar ved merka parkeringsplass på Skard på ca 600 m.o.h.

Adkomst

Turen tek utgangspunkt i den ubetente hytta Jashaugbu, inst i Jordalen. Vegen til Jordalen finn du midt mellom Gudvangen og Stalheim, på nordsida av E16. Bua nåast best med eigen bil eller taxi. Ingen bussrute innover i Jordalen.