Bindalsfjell i Fyresdal kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.131 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 432
Sesong: Mai - Oktober
Område: Austheiene

Beskrivelse

Bindalsfjell ligg i fjellet vest for søre Fyresvatn i Kilegrend, vestkant. På toppen, 929 m.o.h. er det fin utsikt i alle retninger.
Lengde: 3 -5 km
Stigning: 430 m
Terreng: Middels krevjande, merka grei
sti/saueveg.
Gangtid:Middels lang dagstur
Det er mange måtar å nå toppen på. Den enklaste er frå
Kilegrend inn Bindalsvegen og fylgje den merka løypa
opp. Eller ein kan gå opp vest for Bindalstøylen og oppleve
mengder av krokete furu og flotte svaberg. Ein kan
også gå ned til Nussli frå turen mellom Mjåvasshytta og
Hengeltjørnloftet. Då tek du av fra løypa mot Kilegrend
og på parkeringa ved Nussli finn du stien i hellinga mot
nord. Legg merke til den kjempefurua langs stien. Ved
nedre Elgheitjønn ser du dei flotte svaberga mot toppen.
Ta deg tid til å finne den gamle steinbua. Desse to seiste
alternativa er ikkje merka.
TUREN:
Turvegen startar opp den bratte lia mot nord. Fylg den
blåmerka stien. Gå inn langs myr/bekk mot
Tjønnheivatnet. Før vatnet går ein opp til venstre. På
toppen her er det lite stigning mot varden, mykje svaberg
og lett terreng å gå i. Her er ein flott varde med god utsikt
alle vegar. Hugs å skrive namnet ditt i boka!
Fylg same vegen ned att.
ALTERNATIV RUTE OPP:
Alternativ rute opp er å køyre inn til Bindalstøylen, og gå
opp herifrå. Her bør ein ha fint ver for her er mykje svaberg.
Denne vegen er kortare og raskare. Ein kan også gå
opp frå Nussli, denne er ikkje merka.
På toppen om lag 1 km i sør-vestleg retning frå varden
finn ein murane etter ei steinbu. Veit lite historie om
denne. Den kan vere vanskeleg å finne.

Adkomst

Tak av RV. 355 i Kilegrend, mot Øyne Camping. Etter å ha passera det andre utløpet frå Fyresvatn, etter om lag 1 km. tek ein til venstre. Tak opp den fyrste vegen til høgre etter kort tid. Her er det bomkasse for betaling. På det høgaste punktet på vegen mot Bindalen, etter 4-5 km, kan ein parkere.