Tursti via Bondhusvatnet til morenesletta nedunder Bondhusbrea frå Sunndal, Mauranger, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.758 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 481
Sesong: Februar - November
Område: Bondhusdalen landskapsvernområde Folgefonna

Beskrivelse

Turvegen frå Sunndal til Bondhusvatnet har ei svært spanande historie. Den 2,3 km lange grusvegen er i god stand. Den snor seg langs elva, mellom ruvande fjell i vakkert kulturlandskap.

Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.

Start- og sluttpunkt: Bondhus.

Parkering: Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved fylkesvegen. 

Merking: Skilt og orienteringstavler er oppsette, men ruta er ikkje gjennomgåande merkt.

Høgdeskilnad: 60 – 320 moh.

TUROMTALE

Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til Bondhusvatnet 190 moh. Vidare er det sti langs vatnet til sandbankane ved inste enden, og opp til morenesletta i Vetledalen 320 moh. Der kjem ein nærare Bondhusbrea. 

Bondhusdalen er sentral i Folgefonna Nasjonalpark, og det er ikkje tilfeldig at det var nett her dronning Sonja opna nasjonalparken 14. mai 2005. Sjå namnetrekk på stein ved Bondhusvatnet. Området har vore som ein magnet på turistar og fjellfolk sidan midt på 1800-talet.

GODE RÅD

FARE: Det vert åtvara mot å klyva opp i berga under iskanten. Isras kan koma heilt uventa.

Rullestol: Vegen frå parkeringplassen til Bondhusvatnet har godt grusdekke. Eigna for motorisert rullestol. Nokre bakkar krev kraftig motor. Fleire grindar må passerast på turen, så hjelpar er nødvendig. 

HISTORIE

Isvegen blei bygd i 1863 av sagbrukseigar og skipsreiar Johan Martin Dahll frå Kragerø. Føremålet med vegen var å få transportert is frå Bondhusbrea. Når isen var frakta i robåtar over Bondhusvatnet, kunne han hentast med hest og kjerre på Isvegen og nedover til bryggja for lasting om bord i større farøy. Kvar isklump skulle vega 1 våg: 18 kg. Sidan det blei betalt per våg, prøvde berarane å ta med 2-3 våger om gongen. Då isen vart vegd på nytt ved kaien, viste det seg ofte at mykje av isen hadde smelta undervegs. Under overfarten vart sagflis nytta som isolasjon. Prosjektet var ikkje særleg vellykka. Den tidkrevjande transporten frå breen og den lange reisa over havet, gjorde at smeltinga vart for stor. Sjøreisa var heller ikkje ufarleg med den glatte og ustyrlege lasta. Båtar skal ha forlist etter at fønvindar sette fart i smeltinga og laga ubalanse i skuta. Iseksporten vart avvikla etter nokre få skipslaster, medan Isvegen kom til nytte som turistveg. Og viss du lurer på kvifor dei gjekk gjennom alt dette strevet for å frakta ut isen frå Bondhus, så var det for å kjøla ned mat og drikke under lagring, den tids kjøleskap.

Adkomst

Ein god halvtimes køyring frå Årsnes ferjekai; frå Odda gjennom Folgefonntunnelen; frå Jondal gjennom Jondalstunnelen. Ein køyrer av hovudvegen/Fv 500 i Sunndal sentrum, gjennom eit gardstun og opp til tilrettelagd parkering ved turstart. 

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no

Linker