Fottur fra Høyanger til Måren

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 18.076 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet:
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1100
Sesong: Juli - September
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen frå Høyanger til Måren er ein klassikar i området. Turen tek om lag 8–9 timer og er ein middels krevjande tur. Turen går mykje i ope lende med lite skog og mykje utsikt. Turen er og fin å gå på eigehand, men då lyt ein gå opp trappa eller stigen opp til Nova.

Turen startar i Dalsdalen med sti opp på Randen. Derifrå går ein vidare innover anleggsvegen til eit område som lokalt er kalla Myra. Myra ligg litt før ein kjem til Roesvatn. Frå Myra er det litt bratt stigning opp om lag 100 høgdemeter, før det vert roleg stigning opp til nedre Sæbotnvatn og vidare til øvre Sæbotnvatn. Deretter går ein til høgste punktet på turen som er Draget, 994 meter over havet. Frå Draget har du godt vidsyn mot Stølsheimen, Viksdalen og utover Sognefjorden.

Nedanfor draget det vanlig å hald ein lengre pause, kor nokre vel å kvile medan andre ruslar ned på Gråberget for sjå på utsikta. Her får en sjå rett ned i Høyanger sentrum. Dette er ein luftig utsikt. I tillegg kan ein sjå målepunktet som Norges geologiske undersøkelse (NGU) har sett opp for å måle sprekken i blokka, som heng i sida på Gråberget. Sprekken blir jamleg undersøkt, for å sjå om den utvidar seg.

Frå draget går turen vidare til Blåfjellet og ut langs kanten av Høyangerfjorden før ein tek seg ned i Måredalen. På denne delen av turen er der ein svært fin utsikt over Høyangfjorden og utover Sognefjorden.

Turen avsluttast med ein fin spasertur ned den fagre Måredalen, før ein tek ferja til Nordeide.

Adkomst

Inn Dalsdalen til Ekrene med bil/drosje.