Langs vassdraget i landskapsvernet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 30.436 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 dager
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 1516
Sesong: Juli - September
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Vonavatnet - Longevasshytta - Sandane

Turen startar der bilvegen inst i Naustedalen sluttar, frå den nye parkeringsplassen ovafor Nes. Vi går etter den merkte ruta, som er endra litt frå tidlegare og på bru over Nausta ved Nesstølen. Etter ei tid kjem ein til Fosselvekræne, der elva frå Holebotnen og Svartepøyla renn ut i Nausta. Fosselva kryssar ein på ei god bru. Til venstre ser ein den flotte Lofthusfossen eller Rykefossen, som er det gamle og rette namnet.

Turen vidare kan ein gå langs elva via Gotdalen til utosen av ytste Longevatnet, eller ein kan følgje rinden, ein rygg, austover til Longevatnet. Etter begge rutene har ein utsikt til den gamle Gjerdestølen som ligg mellom dei to Gotdalsvatna. Stølen blir også kalla Risestølen etter Rise Fimland som var stølsjente her i 40 år. Stien vidare går på nordsida av dei to Longevatna, dels nede ved vatnet og dels oppe i lia. Like før hytta kjem ein til elva frå Blåskaret, som ein kryssar trygt på bru, som er bygd der. Turen Nes – Longevasshytta tek rundt 6 timar.

Hytta til Indre Sunnfjord Turlag ligg ved Nausta-vassdraget inst i Naustdal kommune, mellom Inste Longevatnet og Vassvendevatnet (810 moh.). Her kan ein overnatte, og hytta har sju sengeplassar, sovasofa og stor hems. Longevasshytta er sjølvbetent, det vil seie at der er eit avgrensa matlager som turgåarar kan nytte seg av mot betaling. Der er rikeleg med dyner og madrasser, slik at du berre treng å ta med lakenpose.

Vidare mot Sandane kan ein gå på umerkt sti over elva på sommarbru ved Vassvendevatnet, og gjennom Blåskaret til Blådalen. På austsida av Blådalsvatnet og vidare kryssar ein Fagredalen, forbi stidelet til Gjengedalsstølen til Fagredalsreset og forbi Bjørnasteinen mot Stoda. Ved sørenden av Langedalsvatnet passerer ein Fitjestølen og vidare til Fitjevårstølen. Frå Fitjevårstølen går det skogs-/bilveg ned Fitjedalen til Sandane.

Tuen frå Longevasshytta til Sandane tek rundt 5 timar. Heile turen går i variert og vakkert turterreng, og er sjølvsagt eit «must» for turfolk.

Adkomst

Bil til p-plassen ved Nes inst i Naustedalen.