Idyllisk flatt og majestetisk

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.856 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 535
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar frå ny tillaga parkeringsplass på Sele. I staden for å ta av til høgre, når ein skal til Storehesten, køyrer du rett fram og opp til øvste garden i Bygstad. Stien startar på ein traktorveg attmed parkeringsplassen. Denne følger du nokon svinger oppover før ein går over ein nylaga bru over elva. Her kjem du inn på den "gamle" stien, som fortsett oppover.

Rett før du kjem opp på Bergsheia kjem du inn på turlaget si T-merkte rute, som går vestover på sørsida av Bergsvatnet og sidan sør for Skålefjellet og nord om Hestadstølen til turlagshyttene Massbu og Nipebu. Utover Bergsheia er det mange vatn og tjørner som ligg strødd utover i eit nokså flatt landskap. Her er det så vakkert og særmerkt at du kan gje deg god tid og gjerne prøve om fisken bit. Fiske her skal vere bra og grunneigarane sel fiskekort. Det er også fint å bade her om sommaren og ta seg ei god matøkt. Og heile tida har du Storehesten majestetisk og ruvande på di høgre side.

Ta så av frå den merkte stien og gå opp på høgda i sør. Det er bygd ein varde lengst vest i området som ligg på 650 moh. Her er det storslegen utsikt til alle dei flotte toppane lengst i vest og ut Dalsfjorden. Eller du kan gå vest om vatnet til stølane, eller du kan ta opp til Marifjellet før du kjem til vatnet. Her er såleis mange moglege ruter, men seinhausten må ein vere varsam om snø og is har lagt seg i fjellet. Og dersom du har ordna deg med skyss, kan dagsturen ende opp på skogsvegen ned til Hestad.

Adkomst

Sele ligg under Kvamshesten ved Bygstad innst i Dalsfjorden.