Austrheimstøylen - Svinestranda (1074 moh) i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.702 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 541
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

På Svinestranda går vi heile året, og vi har ulike ruter til toppen. Her beskriv vi den mest vanlege som startar på parkeringsplassen, og går opp utan å gå via Kvanndalen, eller Svinestrandsvatnet.

Frå parkeringsplassen ved Austrheimstøylen er det merka til toppen, så det skal vere enkelt å finne fram.

Om ein vil ha ein litt lenger tur kan ein gå vidare til andre toppar, eller vatn i nærleiken (Skarshammaren, Svarthammaren, Blånibba, Dunheia, Svinestrandsvatnet, Blåvatnet)

Årleg arrangerer Fjellhug/Vereide eit løp frå Sandane sentrum, opp med Holvikfossen, forbi Austrheimstøylen og opp på toppen som ligg på 1074 moh.

Stien er utbetra, men der kan vere parti som er litt våte enno.

Turen tar ca. 2 timar t/r

Adkomst

Køyr frå Sandane sentrum til Austrheim, vidare skilting mot Fjellbygda og Utsikten. Etter å ha passert Utsikten forset ein rett fram til ein kjem til skiltet til Austrheimstøylen.

Det er bompengar på Engesæt.