Turveg Ølensvåg - Eikås, Bjoa

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 15.468 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 641
Sesong: Hele året
Område: Haugalandet

Beskrivelse

Turvegen Ølensvåg - Eikås er ein fin tur på grusa turveg mellom Ølen og Eikås, Bjoa, på 6,5 km, startar ved havnivå og går opp til 300 moh før det går nedover igjen. Turvegen som startar i Ølensvåg, eignar seg godt både som fottur eller på sykkel. Dei første 2,2 km er det bratt stigning, men blir deretter flatare innover fjellet. Turen går gjennom flotte jordbruks-, skogs- og fjellområde med variert natur. På vegen opp frå Ølensvåg, er det flott utsikt mot sjøen og mot Ølen. Etter 3,7 km passerer vegen Ølselva ved Svorindsvad, ovanfor ein liten foss. På Svorindsvad er det rasteplass med benker og bord. I Kolbeinshauglia kjem ein til ein parkeringsplass. 500 m etter parkeringsplassen tar vegen av mot venstre og går vidare mot Eikås. På denne strekninga går ein gjennom eit lite skogområde og passerer ei bru før ein er framme på Eikås. Frå parkeringa i Kolbeinshauglia, og inn til Ølselva, er vegen godt eigna for rullestol og barnevogner.

For den som ynskjer å gå lenger, er det turveg frå Eikås til Vikestølen, 2,7 km, og deretter ned mot Vikebygd, 4,7 km, dvs. frå Eikås til Vikebygd er det 7,4 km.

Adkomst

Ølensvåg: Ta av frå E134 i krysset i Ølensvåg 300 m mot Bjoa. Ta vegen opp til venstre rett etter gamleskulen, følg vegen 600 m til merka parkering på Dueland. Kolbeinshauglia: Følg Fv 543 til Innbjoa, ta av mot Dalen. Køyr 3,8 km og ta deretter av til venstre på grusveg mot Kolbeinshauglia. Vegen er skilta med turskilt til parkeringsplass. Eikås:. Følg Fv 543 til Innbjoa, ta av mot Dalen. Følg vegen 4,8 km til parkering på Eikås.

Linker