Tveitåsen frå Tveiten

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.604 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 147
Sesong: Hele året
Område: Nordhordland

Beskrivelse

Turen startar ved busskuret på Tveiten, der ein kan parkera på sida. Følg grusvegen oppover, og rett fram i første kryss. Følg grusvegen vidare forbi gardstunet og følg deretter blå merking. Etter ei stund kjem du til masta ved Tveitåsen. Her er det benk med fin utsikt og ein postkasse med ei bok du kan skriva deg inn i. Turen går vidare over gjerdeklyven og vidare på merka sti heilt til toppen av sjølve Tveitåsen. På grunn av ein del skog, er det ikkje så mykje utsikt frå dette punktet, men på veg bort er det ein stor stein med fantastisk utsikt nordover.

Fram til 20. oktober 2017 finn du posten i "På tur i Radøy" på Tveitåsen.

Det er sau og storfe på beite i periodar. Hald avstand frå storfe og hald hund i kort line.

Adkomst

Parkering ved busskur på Tveiten.