Føysstein

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.653 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 274
Sesong: Juni - September
Område: Einstullie naturreservat Reinheimen nasjonalpark Tafjordfjella og reinheimen

Beskrivelse

Merka stig frå Billingen i Skjåk gjennom fjellfuruskog til Steinbrue over Føysa i Reinheimen.
På austsida av Tora er det eit informasjon om Reinheimen nasjonalpark. Gå stigen opp gjennom skogen med stor fjellfuru og inn i Reinheimen nasjonalpark.

Her veks ulvelav på tørre gamle furugreiner. Det er ein gulgrøn og sjeldan lav som er typisk for området. Øvst i skogen kjem du til eit stigkryss. Ta stigen mot Føysa og over Steinbrue. På andre sida av Føysa går stigen ned att over den øvste Tora brua til Billingen seter. Gå ned langs Tora, over Tora på ei restaurert utleggsbru og ned til informasjonspunktet.

Dersom du følgjer raudmerka stig frå stigkrysset og opp langs Føysa mot aust, kan du gå innover fjellet til Føystjønn. Turen til Føystjønn på 1320 moh, er 3,0 km og tek 1,5 time.

Adkomst

Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss i Skjåk, og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva.

Linker