Valldalsleia - pilegrimsleia frå fjord til fjell

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 150.694 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 7 dager
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 4091
Sesong: Juni - September
Område: Dovrefjell Fokstugu landskapsvernområde Reinheimen nasjonalpark Romsdalen landskapsvernområde Romsdalen og eikesdalen Rondane Sunnmøre Tafjordfjella og reinheimen Trollstigen landskapsvernområde

Beskrivelse

Her kan du fylgje i fotefara til Olav den Heilage frå Valldal igjennom Reinheimen nasjonalpark til Lesja og vidare til Dovrefjell. Dette var Olav den Heilage si fluktrute da han rømde landet vinteren 1028-1029.

Valldalsleia er totalt 150 km lang. Ein bruker 7 dagar dersom ein går heile turen, men mange fine strekningar langs leia eignar seg for kortare og lengre turar lokalt. Me anbefaler fjelletappene igjennom Reinheimen, Øverbygdsvegen på Lesjaskog og vandringa langs elva Gudbrandsdalslågen på Lesjaleira med sitt rike dyre- og fugleliv.

Sjølve Valldalsleia går frå Sylte i Norddal kommune, opp Valldalen til Grønningsæter, gjennom vakre Reinheimen nasjonalpark og vidare ned til Rånå/Bjorli, gjennom heile Lesja og inn til Dombås sentrum. Frå her går leia opp til Fokstugu på Dovrefjell, der den koplar seg inn på Gudbrandsdalsleia vidare mot Trondheim og Nidarosdomen. Sjå www.pilegrimsleden.no for meir informasjon.

Adkomst

Ved start i Sylte, Valldal, kjem du deg dit ved å følgje Fv63 frå Åndalsnes eller Geiranger. Eller du kan følgje Fv650 austover frå Liabygda. Kjem du frå Stranda er det ei ferge over til Liabygda. Ønskjer du å starte i Lesja kan du ta toget til Bjorli med Raumabana eller køyre E136.

Linker