Veslgutstein

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.911 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 217
Sesong: Juni - September
Område: Tafjordfjella og reinheimen

Beskrivelse

Dette er ein fin tur høgt oppe i skoggrensa med flott utsikt over Kyrkjebygde og Bø krets i Lesja.

Rydda og skilta råk som er finast å gå frå Snarstad mot Avdemssetre. Etter ca. 2,5 km er et skilta avstikkar til Veslgutstein. Attende på råket kan du gå same veg tilbake eller fortsette vidare til du svingar ned mot Avdemssetre, ca. 4,6 km ein veg.

Ved turmålet er det sett opp ei minnetavle som fortel om den tragiske hendinga som gav Veslgutsteinen namn. Det var her at ein 4 år gamal gut fraus i hjel etter at han var sakna i 10 dagar i august 1820. Faren reiste eit minnesmerke over sonen, Ole Flågåstad, her. Dette minnesmerket vart i 2014 reist opp att i regi av Lesja historielag.

Adkomst

Sving av E136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover. Eller du kan svinge av E136 ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Eller du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E136 knappe 3 km vest for Dombås, Dovre. Sving opp Slådalsvegen. Bomveg, elektronisk betaling med kort. Følg vegen opp lia, sving av til Snarstad på høgre hand, skilta. Parker.