Fjellgardane Indre Sandstøl og Espelistøl.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.45 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 436
Sesong: April - Desember
Område: Dalane

Beskrivelse

Mange meiner området ved dei gamle fjellgardane Indre Sandstøl og Espelistøl er det mest attraktive nærturområdet i Lund kommune. Området osar av kulturhistorie, fleire typar byggverk fortel om pågangsmot og slit. Rydningsrøyser, steingardar, solide bygningsmurar, steinheller som danner klopper over bekker, steinmurte bekkar og fleire hundre meter lange kanalar, delvis murt, delvis skåren, for å leia vatn til kvernhus.

TUREN

Følg dei blå merkene og kryss ånå frå Furbekktjørna på den gamle brua (takk til mellombakkarogberg.net for løyve til bruk av bilde). Ovanfor vegen vil du snart sjå kanalen frå bekken til kverna på Indre Sandstøl. Den 425 m lange kanalen blei gravd ut av ein ukjend mann med innsikt, men utan fast arbeid og pengar. Han gjorde jobben for kost og losji - og eit par støvlar.
Etter Indre Sandstøl deler stien seg. Nordre alternativ er det kortaste og tørraste, men òg det brattaste. Søre alternativ var nok den vanlege vegen mellom gardane. Stiane møtest i tunet på Espelistøl der dei treff ein tredje sti som fortsetter til Bergeheia og Lindtjørnsknuten. Følg den stien 150 m for å koma til kvernhuset. Ånå frå Øvre til Nedre Sandtjørna kryssar du på steinbru.
Særleg kryssar det søre turalternativet myrer, så bruk vanntette sko eller støvlar.

FJELLGARDANE

Indre Sandstøl var ein gong støl under Rusdal. Me kjenner namna til Alf og Anders, husmenn dei første tiåra på 1600-talet, som starta rydninga av plassen. Indre Sandstøl blei ein god fjellgard, med dei gamle driftsformene kunne dei klara seg godt med store vidder å slå og gode beiter. Jakt og fiske bidrog òg til livsopphaldet.
I teljinga frå 31. des. 1865 budde Tollef og Nanette saman med fem barn på garden dei eigde. (Sonen Peder drukna tredje juledag 1861 då han skeisa på Sandstølvatnet.) Dei hadde 9 kyr, 1 sau og 15 geiter. Dei hausta 5 tønner havre og 4 tønner potetar.
Ole var siste mann på Indre Sandstøl. Han brakk lårhalsen og låg i fjøset i ett og et halvt døgn før broren Aksel på Espelistøl som vanleg ropa frå kanten av Sandstøllia. Det kom ikkje svar om at alt var vel. Etter sjukehus- og gamleheimopphald vende han heim. Dei siste åra var vonde, han gjekk til slutt med to stavar. Då han igjen måtte forlata garden, var det på båre. Ole døydde på sjukehuset i Flekkefjord i 1952, 75 år gamal.

Espelistøl var støl under Solli. Oluf, og kan hende far hans med same namnet, rydja husmannsplass tidleg på 1600-talet.
Espelistøl blei delt i 1827 etter å ha vore ein gard sidan 1682. Det nye bruksnummeret 2 ligg nordvest for utgangsbruket (bruksnummer 1) med dei eksisterande bygningane. Ole frå Liland var bureisingsmann på det nyoppretta bruket der storparten av murane fortsatt står. Ei dotter til Ole var det fjerde barnet av sju søsken. Ho gjekk på omgangsskule på Solli. Då ho var uvanleg dyktig og interessert, gav læraren henne ein time undervisning etter normal skuletid. Heimvegen på berre vel 2 kilometer kjende ho sjølvsagt godt. Men snøstormen frå nord auka på og piska henne i ansiktet. Ho sleit seg opp Espelibakken og over den verharde heia. Skumringen fell på og snøfennene veks. I Stordalen, like før ho nådde unnabakken til Espelistøl, orka ho ikkje meir. Berte Serene døydde 28. jan. 1847, mest 14 år gamal. Folk frå Espelistøl fann henne, men for seint. Familien reiste frå bruket i 1852 og selde til Elias frå Skregeli.
I teljinga frå 31. des. 1865 budde Elias og Guri på bruket saman med far hennar og deira 4 barn. Elias eigde bruket med 4 kyr, 11 sauer og 4 geiter. Han hausta 3 tønner havre og 3 tønner potetar.

I 1858 kjøpte Villas frå Skregeli bruksnummer 1 der bygningar fortsett står. Han budde saman med tenestejenta Tonette i 1865 og dei hadde 6 kyr, 10 sauer og 10 geiter. Dei hausta 4 tønner havre og 3 tønner potetar. Villas gifta seg med Kristine Alette frå Virak i 1872. I 1893 kjøpte han bruksnummer 2 frå Elias sin familie og eigde heile garden. Villas og Kristine Alette hadde 6 barn, blant dei sonene Ole og Aksel.
Sonen til Villas, Ole, tok over heile garden i 1906, men han valde snart å flytta til Indre Sandstøl då garden kom for sal. Då kom broren, Aksel heim frå Amerika og tok over Espelistøl. Aksel blei funnen i 1955 i vegen til kvernhuset, 68 år gamal.

Fra Espelistøl fortsetter tur til Lindtjørnsknuten.

Adkomst

Følg fylkesveg 4258 mot Bjørnestad frå E39 ved Råså nordvest for Moi. Eller følg fylkesveg 42 til kryss ved Bjørnestad. Frå krysset følger du fylkesveg 4258 mot Moi. Parkering på parkeringsplassen 200m sørvest for Furbekktjørna.