Trollenykjen (898 moh) i Stad Kommune.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.157 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 881
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå Trollenykjen er det fantastisk utsikt over Nordfjordeid sentrum, utover fjorden og innover mot Hornindalsvatnet. Frå toppen ser du både Eidsdalen, Sagetindane, Hornindalsvatnet, Anda, Lote og Hyen.

Start ca 100 m frå Skipenesbrua. Traktorveg over dyrka mark. Stien er god og ruta er godt merka, samt at råsa/stien er veldig grei å følge.

Pass på å svinge av mot Skipenessetra når stien delar seg. Det er skilta mot Skipenessetra der dette skiljet er. Etter ca 1 time kjem du til Skipenessetra. Vidare derifrå tek det ca ein time til Trollenykjen.

Ruta var merkt opp 26.06. Ei stund etter du har passert Skipenessetra er det framleis ein del snø, så det kan vere lurt å vente litt med å gå turen om ein ikkje er trygg på å gå på delvis snødekt terreng. el. 

Turbotrimlappen ligg i postkassa på toppen.

Trollenykjen er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord www.nordfjord.no/fjordspor Årleg er det eit motbakkeløp på Trollenykjen. Det går og fint å gå på Trollenykjen på truger.

Adkomst

Om ein er i Eid sentrum kan ein køyre, sykle, eller gå i retning Lote.PARKERING:Parker ved Eid stadion og følg hovudvegen mot Lote, gå ca 100m før du møter på skogsvegen der turen startar.

Linker