Warning: Undefined variable $season in /var/www/html/utno.php on line 117
Tur

Topptur til Bjørkeveten

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.961 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 287
Sesong: -
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen skal du opp igjennom eit gardstun og fortsetja på gardsveg/skogsveg. Delvis skilta/merka. Det er merka der du skal ta av frå vegen litt før Nyasete. Fyrst igjennom skog, seinare i meir ope myrlandskap til Bjørkeveten 571 moh.

Myrer er som dei fleste veit våte, og myrene på veg til Bjørkeveten er ikkje noko unnatak. Godt fottøy er derfor å anbefalla. Flott utsikt både innover og utover Hardangerfjorden. Retur same vegen, eller følg merka sti om Nyasete tilbake til utgangspunktet.

Turen er eigna for heile familien, ingen lange bratte bakkar og ein fin utsiktstopp som mål, med ein stor varde å gøyma seg bak om det er litt trekk.

Adkomst

Køyr til Fykse og vidare til Bjørke. Øvst på Bjørke er det ein liten parkeringsplass. Alternativt kan ein ta buss eller bil til Kakebua på Steinstø og gå opp til Bjørke.