Ulvdalen-Heimdal

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.32 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 486
Sesong: Juni - Oktober
Område: Solhomfjell og kvenntjønnane naturreservat Telemark Vest-telemark

Beskrivelse

Gamal ferdselsveg frå Uvdalen til kyrkja i Treungen. 14 km. i vent og lettgått terreng.
I Uvdalen budde det folk i fleire hundre år. Der har vore
tre bruk, men seinare blei dei slegne saman til eitt. Garden
vart då på ca. 18 000 mål – og dermed ein av dei største
gardane i Treungen. Ei tid hadde dei meir enn 20 personar
her. Men dei siste flytte ut kring år 1910. Eit hus er
flytt til Uvdalsvatnet, men resten har ”ramla” saman.
TIPS:
Ein bør planleggje turen godt når det gjeld transport. Det
kan vere lurt å ha eit samarbeid med andre som kan gå
turen i motsatt retning på same tid, slik at ein kan hjelpe
einannan med å få fatt i bilane att ved å byttelåne.
TUREN:
Frå bilvegen i enden av Uvdalsvatnet er det ca 1 km. å gå
i T-merka løype inn til hustuftene i Uvdalen. Vidare på
gamal umerka sti opp ei bratt li, men derifrå er det lite
stigning vidare. Landskapet er delvis skog, men mest er
det ope med fin utsikt til alle kantar. Ein får sjå mykje
fjell, myrar og vatn. Ein bør særleg leggje merke til dei
fine fargane på knattane – av ymse slag lav.
Stien er for det meste fast og lett å gå. Sjølv om den delvis
er merka med gamle nullingar, bør ein ha med seg
kartet til Havrefjell Turlag – ikkje minst for å sjå ymse
namn i heia.
På kartet er blant anna merka av nokre ”bårekviler” – 30-
40 cm. Høge steinar i ring – stader der dei hadde kvilepausar
då dei kom med døde personar i kiste til kyrkjegarden
i Treungen. Ein stad ligg det ein del nokså små
steinar etter kvarandre på berget til minne om eit brurefylje.
Like etter at ein har kryssa bilvegen mellom Heimdal og
Haugstøyl, kjem ein til Lonåna. Ein må særleg legge
merke til dei utroleg store steinane som ligg i kanten av
åna (elva). Dei ligg som eit gjerde for vatn og tømmer
under tømmerfløyting. Ein mann har visstnok åleine lagt
opp dette gjerdet/denne såkalla skådammen.
Etter ei lita stigning kjem ein inn på Rodevegen mellom
Heimdal og Felle. Bøndene hadde her kvar sin rode/del av
vegen – som måtte haldast i orden sommar som vinter.
Kan du tenkje deg ein snøvinter, over heia med treplog og
hestar?
Ein følgjer Rodevegen den siste biten ned til Heimdal der
ein kjem ut på bilvegen ca. 2 km. før Treungen kyrkje.

Adkomst

Frå E18 ved Brokelandsheia tek ein av ved avkøyringa til Gjerstad. Etter ca. 10 min. langs Fv 418 er ein komen forbi Gjerstad kyrkje og Holmen gård. Ein køyrer vidare eit par kilometer og kjem til Valle, der eit skilt peiker mot høgre inn på bomveg som går 16 km. inn til enden i Uvdalen. Her er god parkering.