Padletur Kjørull i Nissedal kommune

Om turen

Type: Padletur
Lengde: 9.451 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet:
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 5
Sesong: Juni - September
Område: Telemark Vest-telemark

Beskrivelse

Vatnet eller innsjøen Tjørull strekkjer seg ei snau mil søraustover frå Tjønnefoss i Treungen sokn i Nissedal kommune. Det som gjer Tjørull til eit lagleg og spennande vatn for kanopadling, er at du på det meste av vegen møter skiftande natur med både innbydande svaberg, bratte fjellvegger, små øyar, smale kilar og breie bukter.
Ikkje så sjeldan ser du ein gul aure sprette over vassflata.
Av og til er du så heldig at du blir vâr ei fiskeørn i flytande
flog. Ein annan stad dukkar beveren eller bjoren fram.
Er du ute ein vårmorgon, buldrar orren i li og nutar. Om
kvelden gjel gauken, ja, fleire enn ein, medan nykomlingane,
Canada-gjæsene, også kan halde leven ved middagstider.
Om kvelden kan du verme på kaffikjelen, og la gjerne
fiskedobba kvile litt når himmelen raudnar over blåmørke
bukter.
LANGTUR OVER TJØRULL:
Når du legg ut på langtur over Tjørull, er Evja på
Tjønnefoss eit greitt utgangspunkt. I lett medstraum, der
Nisseråna sveivar seg nedover mot Tjørull, kan du stundom
kvile litt frå padleåra og nyte naturen.
Vestover reiser Dalsnipen (620 m.o.h.) seg med langstrekte
skoglier og ei lett kjenneleg mast på toppen. Bakafor
helsar Furenusteren (762 m.o.h.) med snauskallen sin, og
lengst vest ligg Dunsevallsheia (820 m.o.h.) roleg som alltid
og ynskjer vel møtt til Gjøvdal.
Når du snur deg litt i kanoen og glytter nordvestover, ser
du òg at Kilegrend og Fyresdal har blånande fjell å by
fram.
Padlar du forbi Breidablikk og vestover mot Helleslikilen,
fær du til og med auga på Langfjell og Kronfjell (925
m.o.h.) på austsida av Nisser. Skuggenatten (706 m.o.h.),
også med mast som landemerke, og Heimdalsnuten (596
m.o.h.) ser du godt heilt frå Tjønnefoss og nedover.
Søraust, i enden av Tjørull, ligg godlynde Nonheia og gjev
le for dei gamle Onstad-gardane.
Frå Breidablikk er det greitt å padle vidare langs land.
Har du tid og krefter, kan du svinge sørvestover inn i
Helleslikilen eller take ein rundtur kring Øyna, gjennom
Klubbestad til Sandarhylen og oppatt til Breidablikk.
Men vil du helst kome deg utetter Tjørull med ein gong,
kan du heller padle mot Blindøya. Her er det fint både å
raste, prøve fiskestonga eller få seg ein dukkert. Deretter
er det framleis greitt å halde seg på vestsida av Tjørull
med utsyn mot Klovfjell på hi sida av vatnet. Fjellet med
sine klov og krokfureskorter ber namnet sitt med rette.
Litt lengre ute vil du kan hende få lyst til å take ein avstikkar
inn i Leirkilen eller halde fram utover med Breibukt
på austsida. På Trosnesodden kan du gjerne unne deg ei
lita kvil.
Før du kjem til endes på Tjørull, vil du møte endå ei temmeleg
brei bukt, denne venda på høgre side i padleretninga.
Dersom du vil take deg ein sveiv innom, vil du sjå
at bukta smalnar i ein kil nedanfor den gamle, attlagde
garden Bergstøyl.
Det er mang ei soge om Tjørull som vassveg, noko det
ikkje er så mykje rom for i denne samanhengen. Men
medan du gjer unna dei siste hundremetrane, kan me stutt
nemne at det i eldre tider var mykje ferdsel på Tjørull
både sommar og vinter, naturleg nok mest av dei som
budde ikring vatnet, men au av farande folk som ”rodde
fjordan” og tenkte seg lenger av stad.
I enden av Tjørull gjekk det stigar og ridevegar både mot
Felle og Katerås, mot Almelia og Uvdalen. Tjørull kunne
med andre ord vere utgangspunkt for byturar både mot
Tveitstrond (Tvedestrand) og Åndalen (Arendal) og mot
Risør og Kragerø. Heilt til utpå 1960-talet fòr folk over
Tjørull med fullasta båtar med varer frå Tjønnefoss landhandel.
Når du nå snart blir vâr både båtar og bilveg, er kanoturen
til endes. Du er framme ved Onstad-landi, som det
heiter i den gamle dialekten vår. Frå Evja ved Tjønnefoss
har du tilbakelagt ”tri fjorångs veg,” for framleis å halde
seg til dei gamle. Ei snau mil på vatnet, kanskje med tillegg
og avstikkarar, er langt nok for dei fleste. Venteleg
har turen vori rik på opplevingar og vori til sælebot både
for kropp og sinn. Det er tid for ei velfortent kvil, gjerne
i ein ventande ”hentebil.”
Dersom det syner seg at padleturen over Tjørull gav meirsmak,
kan du kanskje utvide neste padletur med endå ei
etappe. Då må du rett nok bere kanoen vidare eit stykke
frå sørenden av Tjørull forbi Rona, men deretter kan du
padle vidare den gamle vassvegen ut Midvatn og fram til
Stokksvatn. Men då vil nok også du som er mellom dei
sprekaste, ikkje ha noko imot at det ventar folk og bil
nede ved Nobbesundsbrua.
MINDRE TURAR:
Naturlegvis kan du og dele Tjørull inn i mindre turar. Frå
Evja eller Tjørull hytte- og båtutleige (tidlegare Tjørull
Turistpensjonat) på Tjønnefoss kan du få ein gild padletur
lett motstraums nordover.
Komen eit stykke oppover i Nisseråna, kan du då padle
vestover, under den gamle jernbanebrua og vidare under
brua på FV 41 og inn i Eidstjønn. Dersom du ikkje svingar
av vestover i Nisseråna, kan du padle vidare nordover
til Tjønnefossen eller inn i Fjåbutjønna. Då er du komen
heilt innunder oppstiginga til Solheia og Heimdalsnuten.
Dersom du legg ut nedover Nisseråna frå Evja, kan du få
ein gild og ikkje altfor krevjande padletur til
Tjørullsanden eller utover til Paradisbukta og
Breidablikk. Her er det både svaberg, sandstrender og
nydelege rasteplassar for padlarar i ulike aldersgrupper.
Ved Breidablikk kan du òg gjere ein sving under hengjebrua
og padle ned i Sandarhylen, men her bør du vere
merksam på at straumen er striare. Har du med ungar,
bør du heller satse på ein roleg tur inn i Paradisbukta.

Adkomst

Fra Arendal køyrer du E 18 til Fianekrysset (Holt). Derfifrå er det riksvegen til Åmli og så FV 41 vidare nordover til du kjem til Tjønnefoss. Det er akkurat ved vegkrossen
der FV 355 tek av mot Fyresdal.

Linker