Solhellanuten

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.787 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 889
Sesong: Juni - November
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Solhellanuten er den midterste av tre dei tre toppane Botnanuten, Solhellanuten og Geitafjell. Den er lågast av dei tre men byr likevel på svært flott utsikt. Det er ikkje alltid høgst er best. Botnanuten sin vakre profil ser du best herifrå. Delar av Myklavatn får du med deg, og bak Myklavatn så stig Skrott opp. Sjølv om Fitjadalen ligg i mellom. Frå Lid Jarninstri, kryss Fv7, og gå litt oppover, ta til høgre opp Liabrekka. Frå Nygård startar skogsveg til Nyasete. Hald deg på hovudvegen oppover elles kjem du fort til Rosseland. På Nyasete, etter ca 3 km, er det slutt på vegen og stien startar. Stort sett tørt, med unnatak av platået rett over Nyasete. Følg stien opp ein bakke, over nokre myrar, eit par meter ned over ein bekk. Her er det på tid å begynne å følge med til høgre, for ikkje lenge etter bekke går det ein sti opp til høgre. Stien, umerka, fører deg til Byrkjesete, eit nesten ubesudla stølsmiljø i utkanten av hyttebyen Kvamskogen.
Frå Byrkjesete skal du fylgja elva på høgre side oppover. Stien skal her vera svært tydeleg. Bratt fyrst, så noko flatare, før du skal bratt opp til høgre for Dusgjel. Når du så kjem opp på flaten ser du Solhellanuten opp til venstre. Har du flaks finn du stien frå starten, elles må du berre ta av frå hovudstien, som går til Klypet, og gå mot venstre kant av nuten, før du skal trekka mot høgre oppover sjølve toppen. Vegen opp seier seg sjølv, og etterkvart vil du nok finne stien som er tydlegare lengre oppe. Solhellanuten er også ein skitopp. Alternative returar er å gå over toppen og nedatt enten til Klypet (til Dusgjel) eller Sundvordalen (langs foten av Botnanuten til Byrkjesete).

Adkomst

Øvst i Steinsdalen, 4km frå Norheimsund, finn du både parkeringsplass og busstopp ved Lid Jarnindustri. Alternativt kan du køyra til Nyasete i staden for å gå. Om du tør.