Dokka opp ranen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.502 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 680
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen går du opp traktorvegen til du kjem på flaten rette etter at skogen er slutt. Der går du til venstre slakt oppover til du finn ein sti som kjem frå Vikastølen. Du held fram til venstre på stien til du går over ei lita elv og du fortsetter rett opp bakken. Det er delvis sti oppover ranen mot toppen av Dokka og på turen opp vil du ha ei spektugalær utsikt over heile Dalsfjorden og fjellområda mot Sognefjorden. Når du kjem til toppen vert belønninga ei nydeleg utsikt over Askvoll kommune der du i fint ver kan sjå plattformane i Nordsjøen. Returen til parkeringsplassen kan du legge om Nyksvatnet.

Adkomst

Du skal fylgje fv 609 til 6982 Holmedal sentrum. Ovanfor kyrkja skal du ta av frå fv 609 og inn på kommunal veg mot fjellet. Du køyrer ca 1,5 km og svingar deretter til høgre og køyrer ca 1 km og du vil då komme til parkeringsplassen