Espeland - Espelandsgryting

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.641 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 840
Sesong: Mai - Oktober
Område: Folgefonna

Beskrivelse

Dette er den gamle buføringsvegen til Byrkjesete og seinare til Espelandsgryting. Turen går opp Espelandslie til Liastøl, ei open slette som vart brukt som mjølkeplass i gamal tid. Vidare oppover langs ein traktorveg/skogsveg, der den sluttar ved Longemyrane, i skogsterreng og litt bratt oppover til ein utsiktsplass (Framtunutsikten), der du ser ned mot Nedre Krossdalen.

Vidare oppover er det fortsatt litt bratt skogsterreng til Byrkjesete. Byrkjesete er ein gamal støl til Espeland. Stølshusa vart flytta til Espelandsgryting då dei tok til å støla der ein gong før 1850. Du kan sjå restar etter selstufter der. Vidare oppover Byrkjeseteskåre er det litt myrlendt. Midt i bakkane her er det ei stengsle. Ovanfor var stølsbeite og nedanfor heimebeite. Snart er du over skoggrensa, og kjem til Daurmålshaugen. Her er det flott utsikt. Vidare er turen varda oppover i fjellterreng. Fyrst gjennom Grøndalen, der det ofte er ei snøfonn tidleg om sommaren. Vidare oppover skoltane til Hattavarden, som er det høgste punktet. So nedover forbi Blomsterlitjørna, rundt Hodn og ned til Espelandsgryting.

Råd for turen:

Ta med mat, drikke og vindtette klede.
Du bør ha fjellstøvlar.
Mobildekning er ikkje god på denne turen.
Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
Det er bandtvang 1. april – 20. august.
Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.

Adkomst

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Ca. 1 km etter passering Espeland, er det på høgre side ein parkeringsplass med plass til 3-4 bilar, og ei informasjonstavle om turen.

Stoppesteder

I sommarsesongen går det buss frå Jondal til sommarskisenteret på Folgefonna.