Jondalsleite - Fjellstøl - Sætveit

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.404 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 592
Sesong: Mai - November
Område: Folgefonna

Beskrivelse

Følg Elvastien ca. 1 km, ved sørenden av brua tek du av frå Elvastien, og fylgjer skilt mot Teglhaug. Gå til høgre og opp til hovudvegen. Ta til venstre, og gå snautt 100 m. Ta til høgre og gå parallelt med hovudvegen til ein sving (skilta Tursti). Gå rett fram inn på god traktorveg. Dette er den gamle vegen mot Krossdalen som går over Jondalsleite. Etter vel 100 m er det ein sving, med skilt. Gå rett fram og over toppen (ca. 600 m) til du finn skilt til Teglhaug/Fjellstøl på høgre sida av vegen. Gå oppover gjennom hogstfelt. Etter ca. 10 minutt kjem du til eit stikryss, med skilt Fjellstøl og Teglhaug. Gå mot Fjellstøl, i god skogssti, deretter ut på hogstfelt, og gjennom eit gran felt. Undervegs her kjem du til eit utkikspunkt med flott utsyn ned mot Jondal sentrum. Når du kjem ut av gran feltet, opnar terrenget seg, og etter kvart er det også fin utsikt mot nedre Krossdalen. Turen svingar så mot sør/vest i ope landskap mot Fjellstøl. På Fjellstøl er du akkurat halvvegs og det fint å ta lunsjpause, fylg så skilt mot Sætveit, frå Sætveit til Jondal sentrum er det 1 km langs veg.

Adkomst

Turistinformasjonen i Jondal sentrum, eller 1,7 km i retning Folgefonna.