Buførevegen Botsvatn - Reiseter

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 15.221 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 8 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 1003
Sesong: Juli - Oktober
Område: Folgefonna Folgefonna nasjonalpark

Beskrivelse

Truleg heilt frå slutten av 1200-talet og fram til 1941 vart det ført buskap opp Reiseterlia, over høgfjellet og ned til dei gode beita ved Botsvatn øvst i Krossdalen, Jondal.

Frå 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av Buførevegen, m. a. med steinsetjing av stien og varding.

Det er laga god sti langs vatnet til stølane ved Botsvatn. Like før du kjem til stølane, ta til høgre på steinsett sti oppover lia.

På høgda over Botsvatnet tek Tobaksdalen til, og herifrå er det sett opp retningsvardar over høgfjellet til Reisetereggje. Det er viktig å følgja vardane, og pass på at dei alltid er på høgre side på veg austover.

Stien går opp Tobaksdalen. Bak Jonstein er Sofaen, fin kvileplass, - ein "velourbenk" - kledd med mose, kor overhangande fjell syter for at det er nokolunde tørt. Frå Sofaen skrånar terrenget nedover att, og stien passerer Jonsteinkleivane, Primkleivane og Jehovakleivane og går vidare på høgda over Øvste Skarvabotnen. Oppatt derifrå ligg Brattefonn som kan vera vanskeleg å gå viss fonna er bratt etter ein snørik vinter. Frå Brattefonn går terrenget lett oppover til Kjelavarden, og deretter kjem eit svingete parti. Neste etappe mot Forvana kan by på fenner; dette varierer frå år til år. Ved Forvana skal eit bekkedrag kryssast, og derifrå går det oppover i lett skrånande terreng til Klokkarane - høgaste punktet på turen - 1422 moh. Vidare mot Reisetereggje er det kupert terreng kor retningsvardane viser vegen.

Etter å ha kryssa Bleieelva, er Pilegrimsvegen frå Krossdalen samanfallande med Buførevegen. Stien går vidare til varden på Reisetereggje kor utsynet er flott over til Hardangervidda og ned lia mot Reiseter og Sørfjorden. Varden ligg ca 1200 moh, og no følgjer ei nedstigning på ca 900 meter. Stien ned lia er steinsett og difor lett å gå - forbi Øvste Kvilingehaug til Nedste Kvilingehaug, over Øykjavadet, til steinen på Stølen, vidare på skogsveg og gardsveg til Streifsteinen på Reiseter.

Frå Reiseter er det 3,7 km ned til Nå (veg 550).

Adkomst

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna, og etter 8,0 km ta til høgre mot Folgefonna. Det er avgift å betala for å køyre denne vegen med bil. Les informasjon om betaling ved bomstasjonen. Etter 2,0 km - ta til venstre på grusveg som fører til Botsvatn. Parkering på eige ansvar.

Stoppesteder

Ingen