Årdal - Nes (skitur)

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 29.009 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 816
Sesong: Januar - Desember
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Skituren frå Årdal i Jølster via Longevasshytta til Nes innst i Naustdal er ein klassikar som står på programmet til Indre Sunndfjord turlag på palmesøndag kvart år. Det er ein lang, men ikkje altfor krevjande tur, sjølv om starteb med oppstiginga fra Legestølen til Såta og Stigsvatnet kan vere utfordrande nok. Her er feller under skia påkrevd, og dei steile fjella på kvar side gjer dalen rasutsett. Rasa her kan krysse dalen, så det ein må forhøyre seg med lokale kjentfolk om det er trygt å gå opp.

Vel oppe ved Stigsvatnet flater terrenget ut, og fellene kan takast av skia. Resten av turen går på vatne eller i lett, småkupert terreng. Her må ein forsikre seg om at isen er trygg, og vise respekt for elver og bekkar som kan gje djupe søkk i snøen, særskilt på våren. Hugs å halde god avstand til kantane.

Etter å ha kryssa Stigsvatnet dreier løypa vestover ved Kupa og snart er du ved Longevasshytta, ei sjølvbetent hytte tilhøyrande Indre Sunnfjord turlag. Herfrå går løypa rett over langevatna før den slynger seg i lette utforkøyringar nedover mot Vonavatnet. Etter å ha kryssa vatnet kjem ein til hytta til Naustdal Raude Kors. Vidare på ubrøyta veg ned til rydda parkeringsplass på Nes.

Adkomst

Ta av frå E39 der det er skilta opp til Erikstad. Bomvegen inn til Legestølen blir ikkje rydda oom vinteren, så ein må finne plass til å parkere i vegkanten. Vis omsyn så smale vegar eller innkøyringar ikkje blir sperra.

Stoppesteder

Alle bussruter som køyrer mellom Førde og Skei i Jølster passerar Årdal på vegen. Hundar kan ikkje følgje ekspressbussane, men det går greit på lokalbussane. Det er 1,7 kilometer å gå opp frå busstoppet på E39 til Erikstad.